Dei første tjue minutta var det jamt i Voldahallen, men etter keeperredning, tøft forsvarsspel og fleire mål frå Vanessa Sunde Hoel, var Volda-damene ustoppelege og vann 37-23.
Foto: Kristine Brandsdal Barane
Skrevet av: Mariell Midtbø Bøyum
Laurdag 10.september var det duka for handballkamp i Voldahallen. Denne helga møtte 2.divisjonslaget Sverresborg frå Tønsberg, og Volda vann 37-23. Rett før kampstart sa trenaren i intervju med Student TV at sjansane for å vinne i dag var 50-50. Etter første omgang leda Volda solid med 19-12 til pause.
Toppscorar Vanessa Sunde Hoel blei kåra til banens beste for Volda med heile 13 mål.
Kva føler du om å bli banens beste?
– Det er utruleg kjekt, i dag var vi bra. Vi får til taktikken, køyrer tempo når vi skal og har ein keeper som er heilt rå!
Sunde Hoel trur serien blir tøff, men om laget held fram slik kan dei ha gode sjansar i følgje bakspelaren.
– Vi må berre prøve å halde nivået, og om vi klarar det har vi gode sjansar.
Sunde Hoel og trenar Halldór Stefán Haraldsson er samde om at keeperspelet og tempo fungerte aller best i dag.
– Sluttresultatet seier ikkje alt, det var ein tøff kamp. Vi var ganske like i starten av kampen, men så reddar keeper og vi scorar, i tillegg stoppar vi dei i forsvar. Når vi vinn slike duellar klarar vi å komme i leiinga.
Haraldsson fortel at han brukar heile 15-16 timar på å analysere kvar einaste motstandar ved å sjå video og diskutere med laget. På trening vert det lagt vekt på forsvar, angrep og å lese spelet til motstandarane. No gjeld det å nullstille seg før neste kamp i Trondheim.
– Neste kamp er alltid ei utfordring. Viss vi kan vinne mot Charlottenlund så veit vi meir korleis vi ligg an.