Studentstemma

Det er viktig at studentane si stemme blir høyrt i lokalpolitikken. Me som har flytta vekk for å studere har eit dilemma: Skal ein stemme i heimkommunen, eller i kommunen der ein studerer?

 

I midten av august tok eg ein pause frå å pakke flyttelasset mitt for å ta turen til rådhuset der eg gav mi førehandstemme til årets kommune- og fylkestingval. Sjølv om eg var midt i flyttinga vurderte eg ikkje om eg heller skulle ha stemt i Volda, der eg etter planen skal bu tre år fram i tid. No angrar eg på at eg ikkje stemte i Volda i staden.

 

Mykje makt i lokalpolitikk

Stortingsvala har høgare deltaking enn kommune- og fylkestingvala. Valdeltakinga ved stortingsvalet 2013 var på 66,9 % og årets kommunestyreval hadde ei valdeltaking på 59,9 %. Samstundes er det lokalpolitikken som påverkar kvardagen vår i størst grad: Skal vi ha søndagsopne butikkar? Kan det bli betre sykkel- og gangsti til skulen? Kor seint skal dei halde ope på Rokken?

 

Påverknadskraft

Det er rett under 9000 innbyggjarar i Volda kommune. I år er det 4000 studentar ved høgskulen. Ein del av desse kjem frå Volda, og slepp å førehalde seg til kvar dei burde nytte stemmeretten. Nokon pendlar, medan andre tek nettstudiar. Likevel er dei fleste i min situasjon, og har flytta frå andre kommunar rundt om i landet. Om mange av desse hadde valt å nytte stemmeretten sin i Volda kommune, hadde studentane sine interesser vorte betre representert i lokalpolitikken her.

 

Adresseendring

Ein lyt endre si folkeregistrerte adresse for å endre kvar ein har stemmerett. Grunnlaget for å få utbetalt bortebuarstipend frå Statens lånekasse er at ein bur vekke frå foreldra eller verjene sine. Noko som alle tilflytta studentar gjer. For å nytte stemmeretten i ein ny kommune lyt ein stå oppført i manntalet der innanvaldagen. Adresseendring kan enkelt søkast om, og det skal vere kort behandlingstid før det trer i gong.

 

Ta eit standpunkt

Skal ein stemme på ein ny plass lyt ein sette seg inn i lokalpolitikken. Dette er ein føresetnad for å kunne ta eit standpunkt angåande sakene som er aktuelle. Ein lyt kjenne til kandidatane som stiller til val sine haldningar og kampsaker. Dei fleste er godt kjent med politikken i heimkommunen, og det kan verke lettare å stemme der. Samstundes så krev det ikkje mykje å verte opplyst om lokalpolitikken på ein ny stad. Det burde ikkje vere ein hindring for å stemme når ein er nytilflytta.

 

Lågare valdeltaking blant unge

Ein grunn til eg ikkje vurderte stemte i Volda er at eg etter planen ikkje har planlagd å bu i her utover dei tre åra eg skal studere her. Eg har heller ikkje tenkt å flytte tilbake til heimkommunen min. Mange andre studentar er i same posisjon.

Ein bur mellombells der ein studerer, og ser ikkje poenget ved å stemme der. Samstundes tilbringer ein lite tid i heimkommunen sin, og ser ikkje poenget ved å stemme der heller. Då er det kanskje lett å la være å stemme i dei heile. Kanskje det at mange unge er i liknande situasjonar bidreg til at valdeltakinga er lågare blant unge?

Det er like viktig at studentane sine interesser vert representerte som andre deler av befolkninga. Eg har kome fram til at eg burde ha nytta stemmeretten min i Volda, då det er politikken her som vil få konsekvens for kvardagen min. Til neste lokalval skal eg påverke politikken der eg bur. Eg oppmodar dykk medstudentar til å gjere det same!

 

 

 


Har du sett disse sakene?