Flukta til Volda

Dei kjem med båtar. Dei kjem med bilar, med bussar og til fots. Frå Eritrea, frå Afghanistan og frå Syria. Flyktningar: Tusenvis av dei.

 

Syria er inne i det femte året med borgarkrig og på avstand har vi kunne observere utviklinga frå håpefull revolusjon til ei stilleståande konflikt, som har blitt ein sakte død for det syriske folk.

 

Ekko frå fortida

Dette har ført til «den europeiske flyktningkrisa». Kjelda til problemet har sjølvsagt lite med Europa å gjere, men er ein av dei første gongane ein vanleg europear har blitt tvungen til å sjå konflikta i Midt-Austen som noko som angår kvar og ein av oss, ikkje berre politikarane våre.

 

Flyktningstraumen burde ikkje komme som ei overrasking på nokon.

 

Det er fire millionar mennesker på flukt frå Syria akkurat no. Nesten to millionar er i Tyrkia og litt over ein million er i Libanon. Dei bur i telt i leirar, og har kun det aller mest nødvendige. Fleire av dei som i desse dager kjem til Europa har budd i desse leirane i fleire år. Mange av dei har nok foretrukke å vere i leirane så lenge som moglig, for å vere nær sin heimstad i håp om at om eit år eller to kan det bli fred og dei kan flytte heim.

 

Etter kvart måtte mange gi slipp på håpet og begynne å leite etter eit nytt liv. Det seier seg sjølv at når leirane blir fulle og trange, og nye bølger med flyktningar strøymer ut av Syria, må folk flytte seg vidare. Dette er enkelt. Det er logisk.

 

Det vi ser i Europa i dag er eit ekko av dei første skota som vart losna mot demonstrantar i Syria i 2011. Det bør ikkje komme overraskande på nokon.

 

Ein kronglete vei

Dei kom med båtar. Over 300 000 personar har kryssa Middelhavet og kome seg inn i Europa i år. I media har vi sett mange bilde av dei tragiske skjebnane til dei som ikkje klarar ferda, men dei fleste overlever. Det er gambling, men håpet om ei betre framtid har fått mange til å ofre alt dei har for å nå Europa.

 

Dei fleste kjem til Hellas eller Italia, men må vidare. Mange av flyktningane har eit mål om å kome seg til Tyskland, som har tatt imot over 200 000 flyktningar, og forventar meir enn 800 000 søknader innan slutten av 2015. Nokon flyktningar fortsetter vidare. Sverige er eit populært mål for mange, i år forventar dei 75 000 syriske flyktningar.

 

Andre prøvar å kome seg til Noreg. 2313 asylsøkarar kom til Noreg i august. I heile fjor kom det litt over 11 000 flyktningar. I år forventar staten at det kjem mellom 14 000 og 16 000. Noreg har sluppe billig unna flyktningkrisa om ein ser på mange andre land i Europa.

 

Til Volda kom det 40 personar. Deira lange reise er over. Det er her dei skal vere og bygge opp eit nytt liv.

 

Kven er dei? For meg er 40 fortsatt berre eit tal – akkurat som 300 000 og fire millionar. Kva er deira håp og draumar? Det er lett å gløyme at kvar einaste person av dei fire millionane som måtte forlate Syria er enkeltindivid. Kan dei, no som dei har kome så nært oss her i Volda, bli levande for oss? Kva blir mi og di rolle når dei kjem, til eit aude fjordlandskap som er ulikt noko dei har sett før? Klarar vi å behandle dei som ein av oss, som om dei høyrer heime her? Kan vi, om ikkje så altfor lenge, sjå på dei som landsmenn?

 

 

 


Har du sett disse sakene?