WE WILL STUDROCK YOU

«Open Mic» har fått ein konkurrent for ekte musikkelskarar. «Studrock» er eit nytt gratis- og alkoholfritt arrangement for studentband som ønskar å vise seg fram for resten av bygda med eiget materiale.

 

I salen i Kaarstadbygget er scenen rigga og klar for å vise fram den store variasjonen av band som held til på skulen. Både blåseensensem-ble, rock, metal og jazz fusion er representert. Dette er ein ny arena for band som ønskar å spele fleire låtar samanhengande og framfor eit musikkinteressert publikum. Her får alle typar sjangrar ein moglegheit.

studrock3


Får vise fram eigne låtar

Hendingsansvarleg Anders «Sussebass» Horvei, tubaist Bård Inge Myklebust fra gruppa «Heilt Blåst» og vokalist i «Popaganda» Sondre Arnesen har lenge sakna eit tilbod som «Studrock» i Volda.

 

– I byrjinga var det berre bandet mitt «IRD» som ønska å arrangere ein konsert kvar vi kunne få vist fram våre eigne låtar, men så viste det seg at vi ikkje var aleine om dette, seier Horvei.

 

Etter kvart var det fleire band som meldte interesse, og då skjønte dei at det var behov for eit lågterskeltilbod kvar student-banda kunne vise seg fram.

 

– Ideen bak konseptet er å spele eigne låtar, men ettersom nokre av banda ikkje har nok materiale tillèt vi også eit par coverlåtar, fortel Horvei som opptrer i fleire band i løpet av kvelden.

 

Høgskulen lånar vekk både utstyr og konsertsal til arrangørane slik at dei kan gi studentane ei gratis oppleving av høg kvalitet.

studrock2


Vil være ein arena for å vokse

Musikkstudentane på høgskulen i Volda er ein samansveisa gjeng som gjerne spelar i fleire band innan forskjellige sjangrar. Horvei sjølv spelar både metal og jazz fusion i banda «IRD» og «Mordi og Disiplan».

 

– Det har mangla ein arena kvar studentband kan få øving i å spele eit skikkelig «set». På «Open Mic» må ein skrive seg opp fleire gongar iløpet av kvelden om ein vil spele fleire låtar. «Studrock» ønskar å vere ein arena kor studentbanda kan vekse som liveartistar og dei andre studentane kan få eit innblikk i kva vi driv med på musikklinja, seier han.

 

Planen er å ha tre til fire konsertar i året, og ifølgje Horvei vil det være gratis også i fram-tida. Nå håpar han at enda fleire band blir med neste gong.

 

– Og sjølv om vi er svært nøgd med oppmøtet, håpar vi at det blir full sal neste gong, seier Horvei optimistisk.

studrock6


Annleis enn «Open Mic»

Vokalist Arnesen trivst godt på «Open Mic» scena, men er glad for at «Studrock» er alkoholfritt og sett krav om at banda spelar mest mogleg eigne låtar.

 

– Vi ønsker at fleire studentar skal få augene opp for at vi faktisk har ei musikklinje på høg-skulen. Vi er litt isolert fra resten av skulen sidan vi held til på Kaarstadbygget, seier han.

 

Han legg til at dei er vant med å spele framfor mange typar publikum og ikkje har noko prob-lem med å spele foran brisne folk.

 

– Det er hyggelig å spele på forskjellige hen-dingar, og viktig for oss å vise fram våre eigne låtar, men også å gi folk nye vriar på låtar dei har vakse opp med. På «Open Mic» pleiar vi å spele coverlåtar, men på «Studrock» handlar det om å vise fram sitt eige materiale seier Arnesen og smilar lurt.

 

Hendingsansvarleg Horvei er nøgd med første kveld og håpar at hendinga vil motivera banda i studentmiljøet til å produsere meir eigen musikk og gi publikum ein unik oppleving i kvardagen.


Har du sett disse sakene?