Volda med ny storsiger

Volda var i scoringsform mot Meldal i helga. Jurate Zilinskaite (bilete) og resten av Volda-damene stoppa ikkje før lystavla viste 45 mål for heimelaget.

Med godt spel sendte Volda-damene Meldal heim att med null poeng og 25 minusmål i bagasjen. Blåtrøyene står fram som ein av dei klaraste opprykkskandidatane.

Foto: Simen Øwre Krubbfelt

Fire spelte kampar, åtte poeng og ein målskilnad på 71 plussmål er den solide fasiten for Volda så langt i sesongen. Etter å ha rundspelt tre av dei svakaste laga i avdelinga, vart det forventa ein tøffare batalje mot Meldal. Laget frå Sør-Trøndelag var derimot ingen målestokk for heimelaget, og fekk køyrd seg mot målhungrige Volda-spelarar.

Lynving med scoringsteft: Linn J. Berg spelte nok ein god kamp for Volda. Den tidlegare Tertnes-spelaren noterte seg for fem scoringar mot Meldal. Her ser du ho i aksjon mot NTNUI tidlegare i sesongen.

Samtlege spelarar på scoringslista Kantspelarane på heimelaget heldt fram slik dei avslutta i førre serierunde. Mot Meldal kvitterte Linn J. Berg, Emilie Skjelle, Kristine H. Vike og Kaisa Holsvik seg for til saman 16 scoringar. Etter kampen var Berg nøgd med heimelaget sin innsats.

– Vi set fart og gjer det vi skal. I dag ville vi setje forsvaret, for det gjev oss mange kontringsmål, fortel lynvingen.

I tillegg til kantspelarane viste også resten av laget scoringsteft. Samtlege spelarar på heimelaget overlista Meldal sine målvakter. Malene Aambakk vart nok ein gong toppscorar med sine ti nettkjenningar.

Gode målvakter Medan Volda sine utespelarar gjorde jobben i angrep og forsvar, sto heimelaget sine målvakter strålande mellom stengene. Runa Vik er blåtrøyene sitt fyrste val i mål, og har levert godt så langt i sesongen. Mot Meldal fekk også Lisa Engeset vise kva ho er ho er god for. Engeset var særleg god på nærskot.

Ung målvaktstalent: Lisa Engeset fekk mykje merksemd frå lagveninnene etter kampen. Målvaktstalentet spelte ein god kamp mot Meldal.

– Det var bra i dag, og det er kjekt når det klaffar. Men eg vert aldri heilt nøgd, fortel 19-åringen. Med gode målvakter, godt forsvarsspel og tempo i kontra- og angrepsspel viste lystavla 45-20 etter 60 spelte minutt. Eit solid resultat for eit opprykksjagande Volda-lag.

Volda – Meldal 45-20 (25-9)

Mål for Volda: Malene Aambakk 10, Laima Bernataviciute 6, Jurate Zilinskaite 5, Linn J. Berg 5, Kristine H. Vike 5, Kaisa Holsvik 4, Hilde Egset 3, Rita-Kristin Rise 2, Marie H. Nilsen 2, Emilie Skjelle 2, Eva B. Hlødversdottir Toppscorar for Meldal: Anne Ree 9 Utvisingar: Ingen

Nr

Lag

Kampar

V

U

T

Målskilnad

Poeng

1.

Ålesund Håndballklubb

6

4

1

1

162

134

9

2.

Strindheim

6

4

1

1

178

170

9

3.

Volda

4

4

0

0

158

87

8

4.

Ranheim

5

4

0

1

141

112

8

5.

Malvik HK-93

5

3

1

1

124

132

7

6.

Meldal

7

3

1

3

188

203

7

7.

Molde

4

3

0

1

138

110

6

8.

Utleira 2

5

3

0

2

125

118

6

9.

Heimdal

6

3

0

3

164

159

6

10.

Byåsen 2

7

0

1

6

164

197

1

11.

NTNUI Håndball

7

0

1

6

151

215

1

12.

Sverresborg 2

6

0

0

6

139

195

0


Har du sett disse sakene?