”Vi kunne blitt det neste store”

–       Vi kunne vel blitt det neste Hellbillies, om vi fortsatte med det vi gjor for eit par år sidan, men vi styrte bevisst unna den typiske country-rock sjangeren.

Dette seier Brynjar Takle Ohr, gitarist og vokalist i El Cuero. Rockebandet har spor av både folk, country og pop, og har sidan 2005 rukke å gi ut 4 plater. 11. Oktober kom bandet med ei konsertplate, og torsdag kveld spelar dei på Rokken.

–       Dette er jo ei stor hending for oss, det er første gang i Volda, så forventingane er skyhøge. Litt rart eigentleg, sidan vi har spelt stort sett alle andre stadar i landet. Vi har spelt her med Bare Egil band, men ikkje med El Cuero, så det gler vi oss til.

Egil-backing

Namnet El Cuero er nok ikkje allemannseie enda, men i 2011 vart bandet likevel vist fram til store delar av det norske folk, då dei var med på tv-serien ”Norge på kryss og tvers” med ”Bare” Egil Hegerberg på NRK. Korleis gjekk dette til?

–       Då vi starta El Cuero var vi i Oslo, og vi var i samme musikkmiljøet som Egil. Han fann ut at vi passa godt som band til hans solo-prosjekt, Bare Egil Band. Vi har jo spelt på alle platene bortsett frå den aller første. Når det gjeld tv-turnèen så visste vi ikkje kva han dreiv med utanom konsertane, så det var like morosamt for oss å sjå den som for alle andre.

Gjengen i El Cuero har såleis spelt mykje med Egil Hegerberg, både på plate og konsert, og Brynjar beskriv dette som ein rein bonus.

–       Det følest ikkje som jobb, for det er så sinnsjukt artig! Eg kan stå å le så eg grin mellom låtane, for Egil er så morosam! Så det er berre for kos, og ein rein bonus for oss, for vi får variasjon frå den musikken vi spelar vanlegvis også.

Men Torsdag kveld er det altså El Cuero det handlar om, så om du vil oppleve eit av Noregs beste og mest allsidige liveband, er dette bandet du bør få med deg.


Har du sett disse sakene?