Utflyttar med gullstrupe

Fredag skal Volda-studenten Kristian Bergh, som ein del av Utflytterkoret, konkurrere om å kome vidare i Norske Talenter.

Foto: Ole Andreas Vekve/em>

– Eg både gler og grur meg. Gler meg mest, smiler Bergh, som starta på journalistikkstudiet i haust.

Fredag 2. november skal han igjen stille seg opp i Utflytterkoret, og syngje framføre dommarane og tv-sjåarane – denne gongen live. Studenten fortel at opplegget til Utflytterkoret vert noko annleis denne gongen, sidan dei ikkje lenger har det overraskande momentet å spele på.

– Då vi gjekk på scena sist, tenkte folk at det kom til å bli grusomt, og fekk seg ei positiv overrasking. Difor syntest dei kanskje at innslaget var enda betre enn det var. Vi har noko nytt denne gongen, og håpar at folk kjem til å like det.

Kristian Bergh

Vinn aldri i livet
Om utflyttarane skulle nå heilt til topps, veit dei kva pengane skal brukast til. Bergh veivar med armane, sperrar opp auga og forklarar engasjert om planane.

– Vi har ei avtale om å bruke pengane på å setje opp revy på nye og gamle innslag frå Gjerdrum Amatørteater. Ei skikkeleg festoppsetjing der vi leiger ei stor scene i Oslo – på Edderkoppen eller Christiania Teater.

Så fell han litt tilbake i stolen, søkk litt saman.

– Men det skjer ikkje. Aldri i livet. Det er anten ei søt, lita jente eller ein breakdancer som kjem til å vinne – og det fortent.

Oppringt av Norske Talenter

Kristian Bergh forklarar at Utflytterkoret kjenner kvarandre frå barndommen av, men samla seg for fyrste gong i 2009 til korslag i heimbygda, Gjerdrum. Korslaget vert arrangert annakvart år og femner alle innbyggjarane i kommunen. Også utflyttarane frå kommunen får stille med kor.

Sist gong vann utflyttarane. Premien var ei gyllen kubjelle, og utan at arrangørane planla det, ein invitasjon frå Norske Talenter.

– Film av framføringa vår vart lagt ut på Youtube. Etterpå ringde castingansvarleg frå Norske Talenter og lurte på om vi ville delta. Det var kjekt å verte spurde og vi var nøgde med programmet vårt, så då sa vi ja, fortel Bergh.

– Målet med å delta var å ha den eine framføringa og vise oss frå ei god side. Det var også viktig å promotere Gjerdrum som er ei kulturbygd, med eit veldig godt amatørteater. Det er alle i koret eit produkt av.
Studenten avviser kontant at det ligg nokon personlege ambisjonar i deltakinga for hans del, sjølv om han godt kunne tenkje seg å spele i band.

– Fleire i koret er skodespelarar, så eg har ikkje så mykje å kome med. Eg kan syngje, derfor får eg vere med, seier han med eit smil.


Har du sett disse sakene?