Suveren serieopning

Stine Jensås Andersen spelte laurdag det som kan vera hennar siste kamp for Volda. Kapteinen fekk æra av å avslutta scoringsballet i sesongopninga.

Trenar Alfred Örn Finnsson meiner Volda sitt 2. divisjonslag i handball har eit lag godt nok lag for opprykk. Under serieopninga 16. september viste både nye og kjende ansikt at Volda vert å rekna med denne sesongen.

Foto: Simen Øwre Krubbfelt

Før kampen minna speakeren dei frammøtte om handballdamene sin strålande prestasjon i fjorårets sesong. Siger i 2. divisjon og kvalifiseringsspel til 1. divisjon var fakta då sesongen vart oppsummert. Utklassinga i serieopninga mot Sverresborg 2 kan vera ein indikator på at Volda vert å rekna med i toppen og i år.

Høgt tempo frå start
Allereie etter 10 minutt var Volda oppe i ei fem måls leiing. Medan Sverresborg 2 hadde plassert fire ballar bak Volda-målvakt, Runa Vik, rakk Volda å scora nesten det dobbelte. Høgt tempo i kontra- og angrepsspel gjorde at heimelaget gjekk opp i ei 9-4 leiing etter dei første 10 minutta.

Til tross for ein Sverresborg-timeout etter 12 minutt held Volda fram med å spela ut bortelaget. Midtvegs i omgangen aukar dei leiinga til 12-6. Sverresborg 2 har vanskar med å trengja gjennom Volda sitt midtforsvar, noko som fører til halvgode skot frå ni meter. Korkje forsvarsblokka eller Runa Vik har store problem med å fanga bortelaget sine forsøk. I tillegg varta Vik opp med ein strålande strafferedning rett før pause.

Etter ein fyrste omgang prega av eit godt forsvar og tempo i kontra- og angrepsspel, kunne heimelaget gå til pause med ei komfortabel 23-10 leiing.

Hilde Egset har dei siste åra spelt for Gjerpen og AK 28. No er ho tilbake i voldadrakta, og dominerte mot Sverresborg 2.

Egset i storslag
Volda si heimvendte dotter, Hilde Egset, viser tidleg i kampen at ho kjem til å verta ein nøkkelspelar i årets sesong. Hennar offensive rolle i heimelaget sitt forsvarsspel gjorde at bortelaget sleit med angrepsspelet.

Egset var og ein sterk bidragsytar til å setja tempo i både kontra- og angrepsspel. I tillegg til å vera nest sist på mange mål, noterte ho seg for ni fulltreffarar bak Sverresborgmålvakta. Med dette vart ho kampens toppscorar. Egset kunne ikkje vera anna en nøgd etter sesongopninga.

– Dette var ein god start. Det kan jo ikkje verta betre enn dette, smilar midt-backen. Ho fortel at laget ikkje har snakka mykje om kva målsettinga for sesongen er.

– Me tar ein kamp om gongen. Eg ynskjer å bidra så mykje som eg kan for at laget skal prestera godt, seier Egset.

Heldt fram i andre omgang
Til tross for ei 13 måls leiing til pause klarte Volda å halda trykket oppe i andre omgang. Heimelaget varta opp med flotte kombinasjonar i angrep, noko heimepublikummet viste å setja pris på.

Volda sin toppscorar frå fjorårssesongen, Malene Aambakk, kom meir til sin rett utover i andre omgang. Med både gode finter og prikkskyting frå ni meter var ho vanskeleg å stoppa for bortelaget.

Men størst merksemd fekk likevel kapteinen på heimelaget, Stine Jensås Andersen. På grunn av ei skade kan kampen i helga vera hennar siste for blåtrøyene. Jubelen sto difor i taket både frå medspelarar og publikum då ho kom inn og scora to mål på tampen av kampen.

Nye ansikt
Før årets sesong henta Volda to profesjonelle spelarar frå Litauen. Laima Bernataviciute og Jurate Zilinskaite har begge spelt for det litauiske landslaget, og viste gjennom heile kampen at dei er solide forsterkingar for heimelaget.

Sverresborg 2 fekk merka dei litauiske spelarane sin kapasitet både i forsvar og angrep. Zilinskaite sto som ein bauta i forsvar, men var og ein konstant trussel i det offensive spelet. Ho noterte seg til slutt for åtte scoringar. Bernataviciute fekk og syna fram sitt gode forsvarsspel, men bidrog og med sitt tunge skot i angrep.

18 år gamle Emilie E. Skjelle fekk og presentert seg for heimepublikummet. Jenta som kom frå Follo HK før sesongen noterte seg og på scoringslista i kampen.

Gode nok for opprykk
Med eit godt forsvar og gode kombinasjonar i angrep avslutta Volda kampen slik dei starta han. Då dommaren blåste i fløyta for siste gong viste lystavla ikkje mindre enn 41-21.

Alfred Örn Finnsson var nøgd med laget sitt etter storsigeren over Sverresborg 2.

– Me har eit sterkt lag, og me klarar å vera konsentrerte gjennom heile kampen, fortel Finnsson.

Han meiner Volda har ein spelarstall god nok for opprykk, men at dei må ha hovudet på rett plass.

– Me må alltid ha fokus på neste oppgåve og ta steg for steg, seier trenaren.

Volda – Sverresborg 2 41–21 (23–10)

Mål for Volda: Hilde Egset 9, Jurate Zilinskaite 8, Malene Aambakk 7, Linn J. Berg 5, Laima Bernataviciute 4, Eva Bjørk Hlødversdottir 3, Stine J. Andersen 2, Kaisa Holsvik, Kristine H. Vike, Emilie E. Skjelle

Toppscorar Sverresborg 2: Solveig Marie Sveen 6

Utvisingar: Volda 1 x 2 minutt, Sverresborg 2 1 x 2 minutt


Har du sett disse sakene?