Stengte dører opnar debatt

Studentane ved Høgskulen i Volda fortvilar over treningstilbodet til studentidretten. Ingen lokaler er tilgjengelege i helgene.
Foto: Elin Mork

Studentidretten i Volda held i dag til i Idrettsbygget ved sidan av den gamle lærarhøgskulen. Frå måndag til fredag er styrkerom, symjehall og idrettshall ope frå 08:00 til 22:00 for medlemar i studentidrettslaget – i utgangspunktet.

Høgskulen i Volda, som har gitt ansvaret med å leige ut lokala i Idrettsbygget til Studentsamskipnaden, leiger også ut til lokale idrettslag og organisasjonar – og avgrensar difor treningstilbodet til studentane. Laurdag og søndag er alt stengt for studentar.

– For dårleg
Fleire studentar har i lengre tid etterlyst utvida opningstider for å kunne nytte heile dagane og helgane til å trene.

Susanna Alicia Taylor er ein av mange som irriterer seg over dei avgrensa treningsmoglegheitene. Ho er godt nøgd med treningstilbodet i vekedagane, men føler studentidretten i Volda heng etter samanlikna med andre stader.

– Eg får ikkje nytta inngangskortet mitt mellom klokka 22:00 på fredagar og 08:00 måndag morgon. Det er for dårleg, seier ho.

Leiar i Volda Studentidrettslag (VSI), Inger Marie Nyland, føler med studentane – men seier at det ikkje berre står på VSI. Den andre parten er Høgskulen, som har delegert ansvaret for bruken av Idrettsbygget til Studentsamskipnaden.

Vil opne styrkeromet
– Kvifor det ikkje er mogleg å ha ope i helgane lurar vi òg på. Eg har eit ønskje om at i alle fall styrkeromet skal vere tilgjengeleg, noko vi også har snakka med skulen om tidlegare, seier Nyland.

Ho peikar på at det i første rekkje er manglande tilsyn i symjehallen og i gymsalen som gjer at skulen vegrar seg for å halde ope i helgane.

– Eg forstår godt skulen sin argumentasjon, men eg forstår òg studentane sin frustrasjon. Eg vil ikkje slåst for å få opna hallen og bassenget, men styrkeromet er absolutt noko eg ønskjer å gjere tilgjengeleg heile veka.

Nyland informerer om at VSI tok kontakt med høgskulen i byrjinga av skuleåret der dei fremja ønsket om å ha helgeope – men dei ventar framleis på svar.

Vaskevanskar
Driftsjef ved Høgskulen, Leif Roar Strand, forklarar at det er andre grunnar til at skulen ikkje vil gå med på å opne dørene.

– Det er i hovudsak to grunnar. For det første er det vanskeleg å halde dusjar, basseng, garderobar, hallar og liknande reine dersom det ikkje er andre enn studentar til stades. For det andre kan vi ikkje berre halde styrkerommet ope, då vi ikkje kan skjerme av resten av bygget. Då kan studentane òg kome seg inn i bassenget og gymsalen, seier han.

Trur du ikkje studentane vil halde seg unna gym – og symjehallen dersom det vert informert om at berre styrkeromet er ope?

– Nei, det trur eg ikkje, seier driftssjefen.

Berre for enkelte
I dag er det tilsette ved skulen og idrettsstudentar som kjem seg inn i helgane. Strand ser ingen grunn til å gjere noko med tilgjengelegheita i næraste framtid.

– Det har vore slik det er no dei siste ti-femten åra, og vi ser det ikkje som særleg aktuelt å forandre på det, seier Strand.


Har du sett disse sakene?