Spelemannen

14. september 2013 på DNB Arena i Stavanger framføre ein fullsett sal hadde Kaizers Orchestra sin aller siste konsert. Fire år er gått sidan den gong og i løpet av desse fire åra har Janove Ottesen jobba med eitt nytt album, teatermusikk, musikalar og filmmusikk i det stille.

 

I januar 2016, tre år etter det raude fløyelsteppet gjekk ned på DNB Arena går Janove ut på scena på Spellemann-showet i Oslo Spektrum. Her slepp han ei heilt ny låt frå den sjølvstendige artisten Janove. Regnbuen Treffer Oss Ikkje Lenger blir starten på 15 songar frå albumet Artisten og Marlene som vert slept litt etter litt.

 

I kveld  står han klar på Rokken med band og med to heilt nye låter – Hengtmann som vart sluppen forrige laurdag og ein heilt ny ein som ikkje er sluppen enno.

 

Frå musikklærar til Kaizers

42-åringen frå Jæren har haldt på med musikk frå treårsalderen og er sjølvlært på det meste.

 

–  Eg husker eg pleidde å spela på pianoet og orgelet som far min hadde i huset. Då spelte eg songane eg høyrde på radioen. Det var sånn eg lærte meg å spela, mimrar Ottesen.

 

Då det ikkje var nokre musikktilbod som appellerte til han i tjueåra endte han opp på Høgskulen i Bergen og på musikklærarutdanninga der. Her treff han Helge Risa og Rune Solheim som han danna bandet Gnom med saman med Geir Zahl, Terje Winterstø Røthing og Øyvind Storesund. Etter fullført musikklærarutdanning tok dei eit val om at i staden for å gå ut i jobb, skulle dei satsa eitt år på musikken og bandet. Ingen jobb, dei skulle vera fleksible.

 

–  Det året slo me igjennom. Det var eit kjempekick! Me var unge og plutseleg fekk me berre gode nyhende kvar dag. Me laga debutplater og alt. Eg føler at det me gjorde godt då var at me ikkje vart blasert av all rosen. Me klarte å manøvrera oss gjennom suksessen nok til at me og meistra nedgang.

 

Adrenalinkick

Vegen frå Gnom og til i dag  har vore lang og full i opplevelsar. Ein av dei kjekkaste konsertminna Janove sit igjen med etter snart to tiår, er konserten dei hadde på Roskilde i Danmark, framføre 50.000 publikummarar.

 

–  Det var noko heilt eige. Det blir ei eiga oppgåve å klara å få til ein perfekt konsert for så mange folk som det var der. Det var vel andre eller tredje gongen me var der, og me klarte å spela ein nesten perfekt konsert. 50.000 folk frå heile verda som sang på norsk.

 

Klare du beskriva den kjensla det gir å komma ut på scenen med eit sånt publikum?

 

–  Det er eit skikkeleg adrenalinkick! Ein kan ha ein ganske dårleg dag, føla seg ganske sliten og daff når ein står bak der. Ein ane liksom ikkje korleis ein skal klara å på og levera igjennom taket. Og så går du ut på scena og berre… Får ein heftig mottakelse av så mange folk. Det smitte veit du.

 

Jano-Hengtmann-Arne Bru Haug

 

 

Det personlege musikkuniverset

Musikkstilen og historiane har gjerne endra seg litt frå Sonny og Violeta til Dansarane som me treff i Artisten og Marlene. Janove fortel at me kan nok forventa å høyra meir om dansarane og dette musikkuniverset.

 

–  Eg fortsette nok i same sporet, om det er mest for min eigen del eller kva det veit eg ikkje. Men det er jo mange som høyre på som syns historiane er spennande. Det er gjerne sånn det kjem til meg. Men eg bruker mykje av meg sjølv, mitt eige liv og mine eigne erfaringar og haldningar i desse tekstane. Så dei er gjerne vel så personlege sjølv om karakterane er fiktive.

 

Sangtekstane og musikkuniversa har vokst og utvikla seg saman med Ottesen, og inspirasjonen finn han i å sjå dokumentarar og lesa biografiar av sine idol.

 

– Eg ser gjerne opp til mange frå min eigen generasjon som Jack White og Beck, men og dei som forma denne musikken i si tid som Bob Dylan, Bruce Springsteen og Rolling Stones.

 

Sjølv meiner han at erfaringa han har jobba seg opp gjer at han har fleire bein å stå på og har ikkje det behovet for å hevda seg lenger som dei hadde før.

 

–  Personleg er eg blitt voksnare. Når ein er ung så har ein ei litt meir aggressiv haldning, men det er litt bak meg no. Me var litt frekkare før – no er me stiligare.

 

Kva skjer framover?

I helga som var hadde han premiere på ein familiemusikal i Rogaland Teater der han hadde laga all musikken, og me kan venta oss mykje nytt innhald frå Janove.

 

– Det vil ikkje berre komma musikk, men og teater og musikalar, allereie frå nyåret av. Det kjem eitt nytt soloalbum og masse anna, så det er berre å følga med

 

Har du ei oppfordring til studentane i Volda?

 

– Ja, folk må komma seg ut av studentreiret sitt og komma på konserten i kveld! Det er lenge sidan eg har vore i Volda no, og me gler oss veldig til å laga ein god konsert. No er me i toppform etter å ha spelt på tjue festivalar i sommar. Eg trur eg trygt kan sei at konserten vår blir det kjekkaste som skjer i Volda!


Har du sett disse sakene?