Skredkveld på Rokken

Lærer folk snøskredvett

-I Noreg døyr det årleg like mange som i Canada av snøskred. Det er ein stygg statistikk.

Birgit Katrine Rustad frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) heldt tysdag kveld foredrag på Skredkveld på Rokken. Om lag 150 toppturentusiastar var på plass for å lære om skredvarslingstenesta varsom.no

–Vi vil flytte tankegangen til skigåarane frå magen til hovudet når dei går toppturar. Det er viktig at folk byrjar å bruke skredvarsel som eit planleggingsverktøy før dei legg ut på skiturar, seier Rustad som håpar den nye nettsida kan bidra til at nordmenn blir meir bevisste på skred når dei går i fjellheimen.

Skredvarsling i lomma
Varslinga som var ny i Noreg 14. januar i år, tek til at den 1. desember. Målet er å samle all varsling av naturfarar på ein stad. Deriblant skredvarsel i fjellområda ein held seg.

–I Canada har dei lenge hatt gode verktøy for skredvarsling og kanskje ein betre kultur for å ta omsyn til skred. I Noreg er vi så vande til å vere i fjellet, at vi ofte ikkje tenker oss om. Dette kan kanskje forklare noko av den dystre statistikken i landet, seier Rustad.

Med den nye mobilappen ”regObs” kan du sjekke dei siste oppdateringane på skredvarselet der du oppheld deg.

–Her kan kven som helst legge inn små eller store bidrag om ver- og føreforhold som kan hjelpe andre turgåarar med å kartlegge skredfaren på turane sine, opplyser Rustad.

Snøskredskulen
Skredkvelden vart arrangert av friluftsgruppa til Høgskulen, Natura. Christer Lundberg Nes frå friluftsrådet for Ålesund og omegn var også på scena for å prate om tryggleik i vinterfjellet. Han meiner det viktigaste med nettstaden varsom.no er det du finn under ”snøskredskulen”. Her kan du mellom anna lære om skredproblem

–Når du les om skredproblema får du vite kva forhold som blir antatt å forårsake snøskred. Såleis kan ein sjå etter desse teikna i terrenget og avgjere om dette problemet er aktuelt der du er.

Elles legg Lundberg Nes vekt på at ein må velje toppar avhengig av turfølje og dagens forhold.

–Det er større sjanse for å utløyse skred når ein er ni mann enn to. På same måte er ein meir utsett om ein har dårleg flyt på nedturen, grunna lite erfarne skikøyrarar. Vel derfor turar etter kven og kor mange du har med deg på tur, seier Lundberg Nes.

Han legg også vekt på at folk generelt er for dårleg til å ta dei kjedlege avgjerslene

–Du er halvvegs til toppen, og har gått i solskin og 30 centimeter pudder heile vegen. Du høyrer eit drønn under skia dine. Tør du ta det ”feige” valet om å snu?

Gå inn på varsom.no før du legg ut på toppturane dine i vinter. Her kan du lære det meste om sikkerheit i fjellet på ”skredskolen”, og du kan laste ned appen regObs for å få skredvarselet rett i lomma.


Har du sett disse sakene?