Skeive kyrkjebryllaup

Foto: Halvor Solhjem Njerve & Simen Gald

Provoserte eller likegyldige? Einige eller skuffa? Peikestokken møtte to kristne og to homofile studentar, for å finne ut kva dei unge meiner om avgjerda kyrkjemøtet tok førre månad.

Den 8. april stemte Kyrkjemøtet nei til forslaget om å la homofile par gifte seg i den norske kyrkja. Møtet er kyrkja sitt øvste organ, og samlar 116 delegatar frå dei ulike bispedøma i landet. 51 av dei stemte for, medan 64 var i mot å opne for homofil vigsel.

Ikkje eit problem
Ruth Linea Gustavsen og Janne Renate Nygård dukkar opp fyrst den kalde maidagen der me faktisk kan skimte snøkrystallar som dett ned frå himmelen. Som styremedlemmer i Volda kristelege studentlag (VOKS) er dei aktive kristne, og begge har dei vakse opp i kristne familiar. Janne dreg på seg ullgenseren og me finn oss ein plass under tak for å unngå snøbygene. Framleis kan me sjå den ruvande steinkyrkja framfor oss.
1. – Kva tenkjer de om at homofile ikkje får lov til å gifte seg der borte?
Ruth dreg pusten og blir stille nokre sekund. Det er tydeleg at ho har tenkt mykje rundt dette.
1. – For meg er det slik at homofile bør ha dei same rettane som alle andre. Eg ser ikkje på det som eit problem at homofile skal få gifte seg i kyrkja. Problemet mitt er når ikkje-kristne vil gifte seg i kyrkja og få guds velsigning over eit ekteskap der ingen er truande. Men der er det ingen skilnad mellom heterofile og homofile, understrekar ho.
Janne er stort sett einig i det venninna meiner, men forstår avgjerda til kyrkja godt.
⁃ Eg forstår kvifor kyrkja gjer det dei gjer, og respekterer det. Eg trur ikkje det er rett no at homofile skal viast i kyrkja. Men eg ser også at kristne må bli flinkare til å inkludere homofile og gjere dei til ein del av fellesskapet, seier Janne.

Skilnad på kristne miljø
Ruth trur kristne sitt syn på homofile endrar seg når dei faktisk blir kjent med homofile.
⁃ For nokon år sidan hadde eg nok eit heilt anna syn. Det var meir eit omgrep og ein definisjon langt borte. Når eg fyrst fekk homofile vener blei det heller noko nært, og ein vil jo det beste for dei ein er glad i. Viss Gud har skapt dei slik, kvifor skal dei nekte for den dei er? spør Ruth.
Dei to trur også det er stor skilnad etter kva slags kristent trussamfunn ein kjem frå og er vakse opp i.
⁃ Viss du hadde intervjua alle i VOKS for eksempel, trur eg du hadde sete igjen med ganske mange forskjellige meiningar. Nokre er nok veldig konservative, nokon er som meg litt midt i mellom, og ser det både frå kyrkja og dei homofile si side. Også har me mange veldig liberale, slik som deg, seier Janne, og nikkar mot Ruth.
⁃ Ja, me har det meste eigentleg. Det kjem så an på kor i landet du kjem frå og kva slags bakgrunn familien har.

Overraska og trist
Frå benken i den vesle parken utanfor kyrkja ser me to nye jenter helse på kvarandre og kome mot oss i mai-snødrevet. Silje Ekevall Sandbrekkene og Margaret Grimstad studerer høvesvis Media, IKT og design og førskulelærar, og er begge lesbiske.
Kva tenkte dei då dei fyrst høyrte kva kyrkja bestemte?
⁃ Tenkte vel at me fekk eit tilbakeskritt her i Noreg. Eg blei overraska eigentleg. Det har skjedd så mykje positivt i det siste, seier Silje.
⁃ Eg blei fyrst og fremst veldig lei meg. Sjølv er eg ikkje personleg kristen, men har mi barnetru og ein veldig kristen familie som godtek meg for den eg er. Kvifor skal ikkje alle kristne kunne gjere det? Me er like mykje verd som alle andre menneske, og er berre ute etter å finne kjærleiken slik som alle andre, seier Margaret.
Ein gong i framtida kunne også ho tenkt seg å gifte seg i kyrkja.
⁃ Det er litt difor eg hadde lyst til å snakke om det her også. For eg vil gifte meg i kyrkja, og kjenner fleire lesbiske kristne som vil det same. Kvifor skal me ikkje få lov til det?
⁃ Ja, for det er eigentleg litt rart. Det er jo ein religion som er open for alle og gjer mykje godt, seier Silje.
⁃ Bestefar min som er personleg kristen og over 80 år sa til meg: Viss du ventar no, kanskje 10 år, så kjem det til å forandre seg. Kyrkja er nøydd til å henge med i tida, sa han, fortel Margaret.
⁃ Ruth og Janne nikkar. Dei er einige i meiningane til dei homofile jentene.
⁃ Veldig einig, og som sagt er eg ikkje i mot homofile ekteskap i kyrkja, men eg tenkjer det er viktig at det blir gjor for riktig grunn, meiner Ruth.
⁃ Det er ei meining eg er veldig einig i. For det finst mange gode grunnar til å seie nei til ekteskap, men akkurat kva slags kjønn den ein elskar er, er ein veldig dårleg grunn, meiner Silje.
Jentene held fram diskusjonen. Alle trur dei og har eit håp om at ei endring vil skje dei komande åra.
⁃ Eg kjenner opptil fleire prestar som ikkje har noko i mot å vie homofile, og dei synest det her er kjempetrist. Det er godt å vite at det faktisk er mange prestar som meiner det same som oss homofile, utan at dei er homofile sjølv også. Det gjev håp, seier Margaret.
Ho understrekar at dei sjølvsagt respekterer meiningane til dei som er i mot.
⁃ Meiningane deira er jo like mykje verdt som våre.
⁃ Kanskje me må få til ein buss med prestar som reiser rundt i landet og vier homofile par? foreslår Janne til stor latter.
⁃ Ein prestebuss, flirer dei andre i kor, og er fornøgd med løysinga av diskusjonen.

Foto: Simen Gald


Har du sett disse sakene?