Ser fram til å møta landslagsspelarar

Får sterk motstand i cupen: Eva Bjørk Hlødversdottir, Malene Aambakk, Linn J. Berg, Hilde Egset og resten av voldadamene skal møta Stabæk i NM.

Etter sigrar over Midsund og Ålesund ventar større oppgåver for Volda Handball i fjerde runde i cupen. Då er det nemleg Stabæk som står på motsett banehalvdel.

Foto: Simen Øwre Krubbfelt

I cupens fyrste kamp for Volda vart Midsund slått 42-24 i Midsundhallen. Litt tøffare vart det i neste kamp der Ålesund var slått 23-21 i Ålesund. No ventar altså eit av Noregs beste handballag i neste runde.

Landslagsspelarar som motstandarar
Ifølgje Volda sin trenar, Alfred Örn Finnsson, vert dette ein heilt annleis utfordring enn dei kampane laget har spelt så langt i sesongen.

– Det vert nok ein litt annleis kamp enn det me har spelt så langt. Det vert ei tøff oppgåve for oss. Likevel var det Stabæk me håpte på som motstandarar, fortel Finnsson.

I Stabæk sin spelarstall kan ein blant anna finna namn som Stine Bredal Oftedal og Karoline Næss. Fyrstnemnde var med på å ta gull med seniorlandslaget både i EM i 2010 og i VM i 2011. Næss er og i landslagsvarmen, og var med som reserve under førre VM og OL i London.

Sanna Solberg, Silje Solberg og Kristin Nørstebø er og Stabæk-namn som bankar på landslagsdøra.

Har ingenting å tapa
Spelar og kaptein på Volda, Stine Jensås Andersen, er ute med skade og kan ikkje spela mot Stabæk, men ser likevel fram til kampen.

– Det er slike kampar me ynskjer å spela. Det er ei oppleving å få vera med på, og me har ingenting å tapa, fortel Andersen.

Cupkampen spelast i morgon, 26. september, i Nadderudhallen.


Har du sett disse sakene?