Rokkens rutete husband

– Vi er alltid i rute, spøker Anders.

– Mitt første møte med musikken må vere mamma sine Bjørn Eidsvåg-plater. Eg song inn i vaskekostar og liknande, seier vokalist Eirik Sognnes frå The Siverts.

Det heile starta med ein idé i jula i fjor. I dag greier dei å fylle Rokken. Målet er å halde fram å spele, og få spelejobbar andre plassar. Allereie i jula er dei eitt skritt nærare målet, med konsert i Hornindal.

Rutete skjorte
Bassist Ørjan Vingen er den som alltid tullar.
– Du er mest bakfull òg, påpeikar trommis Anders Tjøme Hagen (21).
– Det er eit ansvar eg har vald å ta på meg sjølv, flirer Ørjan.
The Siverts består av vokalist Eirik Sognnes, gitarist Kristian Haugen, bassist Ørjan Vingen og Anders Tjøme Hagen på trommer. Dei er eit coverband som spelar slagerar frå 50-talet til i dag.
– Vi gidd ikkje skrive noko sjølv, fleipar Ørjan.
Med sine rutete skjorter og sjarmerande smil er det ein moglegheit for at dei kan smelte eit par ungpikehjarter, men Volda-syndromet har dei visstnok ikkje merka noko til.
– Kva er Volda-syndromet, svarar dei unnvikande, samtidig som dei ser i golvet.
På spørsmål om det finst nokre «groupies» er responsen litt større.
– JA!, bryt den elles så stille Kristian ut, før han får tenkt seg om og blir stille igjen. Dei andre ser litt forbausa ut, før dei bryt ut i latter.
Dei rutete skjortene skal visstnok vere ein musikkline-ting.
– Vi har berre rutete skjorter, derfor matchar vi stort sett kvar dag, seier Ørjan og ler.
– Vi er alltid i rute, spøker Anders.

Motivert av publikum
Repertoaret har eit spenn frå «Kom skal vi klippe sauen» til «Sex is on fire». Dei spelar éin gong i månaden som husbandet til Rokken.
– Vi veks og blir betre til å formidle musikken til publikum på dei konsertane. Det blir «støggbra», meiner Ørjan.

– Stemninga er til å ta og kjenne på. Kunne ikkje vore betre. Det er stort, faktisk, seier Anders litt tankefullt.
– Publikum sin respons er motivasjon til å øve. Visjonen til bandet er å skape liv og at det musikkmessig skal vere av så god kvalitet at det ikkje blir rølp, seier Eirik.
The Siverts er publikumsfriarar som veit kva som slår an på ein fredagskveld.
– Kvar fredag spelar vi «Friday, I’m in love». Dei songane publikum kan teksten på, er dei vi får mest respons på, fortel Eirik
– Norske songar, påpeikar Kristian.

Leiaren i gruppa
Anders er ifølgje vokalist Eirik Sognnes (23) flott, snill og ein artig liten skrue. Anders sjølv beskriv seg sjølv som den presise, noko dei andre ikkje seier seg einig i. Den mest presise blir endra til Ørjan.
– Den presise fyllesjuke, legg Eirik til.
– Eirik har ikkje humor. Det har for så vidt ingen av dei, seier Ørjan, med ein sarkastisk undertone.
Likevel meiner bandet at Eirik er leiaren i gruppa.
– Det er han som pusher oss. Vi andre heng på, dultar etter, seier Ørjan.
– Han gjer stort sett alt. Han er vokalist og manager, skryt Kristian Haugen (22).
Det blir hevda at Kristian får alle til å bli samspelte.
– Han er svært dyktig musikalsk. Fleire av oss er det, men det er godt at Kristian Haugen er der, meiner Eirik.

Artikkelen fortsetter under bildet

– Eg kom hit på grunn av skulen og folka. Så blei det gøy, og sidan har det vore gøy, seier Eirik.

Studentar
Første møte med musikken var svært ulik for dei fire bandmedlemene.
– Det var over ti år sidan. Dr. Bombay, seier Kristian drøymande.
Anders meiner det med musikken alltid har lagt der.
– Mitt første møte med musikken må vere mamma sine Bjørn Eidsvåg-plater. Eg song inn i vaskekostar og liknande, mimrar Eirik.
I dag går dei musikk ved Høgskulen i Volda.
– Eg hadde høyrt mykje bra om dette studiet, seier Anders.
– Det er bra lærarar. Dei fleste i alle fall, seier Ørjan, før gruppa bryt ut i latter.
– Eg kom hit på grunn av skulen og folka. Så blei det gøy, og sidan har det vore gøy, seier Eirik.


Har du sett disse sakene?