Overlegen siger mot NTNUI

Malene Aambakk (19) scora 12 mål mot Stabæk i cupen på tysdag. Mot NTNUI i helga viste ho nok ein gong målteft.

Volda sine handballdamer har starta haustsesongen på best mogleg måte. Etter storsigeren mot NTNUI i helga står Volda med full pott etter tre kampar.

Foto: Marius Dalseg

På tysdag i førre veke spelte Volda mot Stabæk i cupen. 2. divisjonslaget spelte ein strålande kamp, og gav eliteseriespelarane kamp til døra. Volda måtte til slutt sjå seg slått med tre fattige mål.

Etter seriekampen i helga skryt Volda-trenar, Arn Örn Finnsson, over korleis laget og spelarane hans meistra å motivera og omstilla seg etter Stabæk-kampen, før møtet mot antatt svakare motstand.

– Spelarane er fokuserte og opptrer profesjonelt, seier Finnsson.

Det kan verka som at cupkampen berre gav Volda meir sjølvtillit, noko studentlaget frå Trondheim fekk merka.

Ustoppelege Aambakk
Malene Aambakk viste i fjor, og har vist så langt i starten på sesongen, at ho vert ein viktig brikke i draumen om opprykk. Mot NTNUI teikna ho seg på scoringslista heile ni gonger.

Mot Stabæk fekk ho prøva seg mot elitespelarar. Går det slik Aambakk håpar, vil eliteseriespel ein gong bli ein del av handballkvardagen.

– Eg håpar eg kjem til å spela i eliteserien på sikt. Men no er det Volda som gjeld, fortel målgarantisten.

Örn Finnsson trekk fyrst og fremst fram det kollektive spelet som suksessfaktor etter kampen, men rosar og spelet til jenta frå Ørsta.

– Når Malene spelar slik ho gjer i dag er ho ustoppeleg, seier trenaren.

Raskt ut frå startblokkene i andre omgang
Etter ein fyrste omgang prega av godt forsvarsspel frå blåtrøyene, kunne dei gå til pause med ei 14-9 leiing. Litt rusk i angrepsspelet hjå heimelaget gjorde leiinga ikkje var større.

Tidleg i andre omgang fjerna Volda all tvil om kvar sigeren kjem til å hamna. Heimelaget scora seks mål då lystavla viste like mange spelte minutt. Runa Vik sto godt i målet, og redda to skot frå seksmeterlinja på rad.

Det hjelpte heller ikkje for bortelaget at Linn J. Berg og Malene Aambakk varta opp med ein eminent flygar, til tross for at Volda hadde ein spelar utvist. Etter 10 minutt av andre omgang leiar heimelaget 24-13.

Gode kantspelarar
I tillegg til Aambakk trekkjer Örn Finnssonn fram kantpelarane, Linn J. Berg (25) og Kristine H. Vike (19), etter dagens kamp. Dei noterte seg til saman for sju scoringar, og viste fram gode avslutningar både i kontra og etablert angrepsspel.

Både kantspelarane og resten av laget får godkjend av Alfred Örn Finnsson. Med ni av ni moglege poeng så langt i sesongen, ser trenaren fram til fortsetjinga av sesongen.

– Det skal verta vanskeleg å stoppa oss når så mange spelar så bra som dei gjer, seier han.

Volda – NTNUI 37-24 (14-9)

Mål for Volda: Malene Aambakk 9, Hilde Egset 8, Laima Bernataviciute 5, Linn J. Berg 4,
Kristine H. Vike 3, Jurate Zilinskaite 2, Kaisa Holsvik 2, Marie H. Nilsen, Rita-Kristin Rise,
Eva B. Hlödversdottir, Emilie E. Skjelle

Toppscorer for NTNUI: Kine Andenæs med 8 mål

Utvisingar: Volda 2 x 2 minutt, NTNUI 1 x 2 minutt og direkte raudt kort


Har du sett disse sakene?