Ordinære lånarar

At dagens artistar lånar frå eldre, er gamalt nytt, men ikkje alle gjer det like tydeleg. På Avenged Sevenfolds siste plate er dette til dels svært tydeleg

Avenged Sevenfold, eller AX7 som dei vert forkorta til, er eit band du sannsynlegvis elskar eller hatar. Dei finn ikkje opp kruttet på nytt, men dei lagar moderne metal med brei apell, noko som truleg fører til denne ambivalensen blandt publikum.

Bandets siste plate ”Hail to The King” er full av referansar til mykje klassiske band, som til dømes Metallica og Guns ’n’ Roses. Det kanskje tydelegaste eksempelet på dette er låta ”This Means War”, som liknar umiskjenneleg på Metallicas ”Sad But True”. Og på ”Doing Time” er vokalen og harmoniane til Matthew ”Shadows” Sauders sterkt innspirert av Axl Rose.

Orginaltrommis i bandet, James ”The Rev” Owen Sullivan gjekk tragisk bort i desember 2009. Difor er det imponerande at bandet i det heile framleis eksisterar, og ”Hail to The King” er første heile plate med bandets nye trommis, Ajin Ilejay.

Om dette har påverka lydbilde på plata, er slett ikkje usannsynleg. Det er i alle fall nokså stor forskjell på denne plata og gjennombrotet ”City of Evil” frå 2005. Og enten dette er bevisst eller ei, er det utan tvil komersiellt gunstig. Plata nådde raskt førsteplass på Billboard 200, og sjølv om dette framleis er meir metal enn rock, er lydbildet heilt klart meir komersiellt no enn tidleg i karriæra.

Til trass for den ordinære heilheita til albumet, fins det også heiderlege unntak. Det mest tydelege er kanskje den drivande”Coming Home”, som kan minne om seint 80-talls Iron Maiden. Også nemnte ”Doing Time” og samt ballada ”Crimson Day” er låter som fengjer.

”Hail to The King” er ei plate som fansen allereie har omfavna, men som ikkje mange andre vil hugse lenge. Det er eit godt eksempel på ordinær, moderne metal, som er gjennomført på ein god måte, utan at det imponerar. Om du vil få med deg gjengen frå USA live, kjem dei til Oslo Spektrum 9. November.

Sjekk også Amerikanske Metalsucks, som har lista opp alle låtene som ”Hail to The King” lånar frå: http://www.metalsucks.net/2013/08/21/footnotes-a-handy-catalog-of-every-song-from-which-avenged-sevenfolds-hail-to-the-king-borrows/


Har du sett disse sakene?