Oppdaga på Volda Studentidrettslag

Den 21 år gamle PR-studenten Ivar Olai Ytrebø har spelt fotball så lenge han kan hugse. I Volda kom smellen som satt han på sidelinja.

 

Han har vunne juniorseriemeisterskap for Fana, spelt 2. divisjon i Noreg, og spelte fotball sjølv om han var kalla inn til førstegongsteneste i Kirkenes.

Ivar slutta å satse på fotball då han var omlag 16-17 år gamal. Då vart han ungdom og opplevde andre spennande ting enn berre fotball.

– Den gamle trenaren min i Fana meinte at eg kasta bort talentet mitt på damer og fyll, fortel Ytrebø.

Det var ikkje alt som gjekk på skinner i 2. divisjonsklubben.

– Der satt eg ein del på benken, og så kom eg i ein krangel med trenaren min. Derfrå gjekk vegen vidare til 3. divisjonsklubben Bjørg, der han spelte eit par sesongar.

 

Flytta til Volda

– Då eg kom til Volda var planen å fortsette å spele fotball. Eg har alltid spelt fotball uansett kvar eg er, seier Ivar.

Allereie på første trening med Volda A-lag fekk PR-studenten kjenne på den vonde sida av fotballen.

– Eg skada kneet mitt. Så fekk eg klar beskjed frå mamma at eg ikkje fekk spele fotball meir, på grunn av mine dårlege kne, forklarar Ytrebø.

 

Saken fortsetter under bildet.

_HIP2782 kopier

Ivar passar på at alt er som det skal vere under trening.

 

Etter eit skadeopphald valde Ivar å byrje på Volda Studentidrettslag, VSI, og spele fotball innandørs saman med andre studentar.

– Eg var på veg tilbake og syns det var kjekt å spele fotball igjen. Etter den eine treninga fekk eg ei melding på Facebook av ein på A-laget til Volda, som hadde sett meg på fleire av VSI sine innetreningar, seier Ytrebø.

– Han ville ha meg med på ei futsalturnering saman med førstelaget til Volda. Der gjorde eg det ganske bra og skåra seks mål på tre kampar, fortel han med eit smil. Då trenaren oppdaga dette var han kjapt ute med å gje Ivar ein sjanse og ynskja å ha han med på treningar framover.

– Spelargruppa har vore fantastisk. Dei tok meg i mot veldig bra, og er ein kjempegod og sosial gjeng, seier studenten.

 

Vil ha fleire studentar

Volda sitt herrelag er glade for at fleire studentar vel å fortsette med fotball medan dei studerer.

– Dei vil ha folk som skal vere her ei stund. Tidlegare har dei hatt fleire spelarar som har reist vekk igjen fort. Så dei er opne for studentar, fortel Ivar. Det skal seiast at 3. divisjon på Sunnmøre ikkje er for kven som helst.

– Du må tole eit fysisk spel. Dei er tøffe mannfolk, forklarar Ytrebø. Meiner du sjølv at du har noko å gjere på Volda Stadion, er det moglegheiter.

– Om du følar at du meistrar nivået, så send ei melding. Du får prøve deg på trening, fortel den fotballglade studenten.

 

 


Har du sett disse sakene?