Øl, fotball og Rokken´roll

Helga er endeleg komen. Ventetida er over. Storkampane står på rekkje og rad. På Rokken Fotballpub møter du fotballinteresserte som jublar i kor, og strør salt i såra.

 

Lerretet er rulla ned i den svarte storsalen. På fremste rad, tett opp mot den store lysande skjermen, sit Kamilla Tellefsen (19) som held med Manchester United. Ho er ei av berre fire jenter i lokalet.

 

– Første gong eg var her var det mange som såg litt rart på meg, seier ho og påpeikar at fleire jenter er fotballinteresserte. Kamilla oppfordrar til at fleire jenter tek turen på fotballpub i helgene.

 

Mykje står på spel

Hans Andreas Solbakken (24) sit spent i lokalet og viser oss Liverpool-tatoveringa si på armen som seier «You’ll never walk alone». Han fortel at han hadde ein periode der han stengde seg inne på rommet i sinne om det gjekk dårleg med laget. No er han over den epoken, og glad for å vere i stand til å sjå fotball saman med andre.

 

Begge kjem for å nyte god kampstemning, og dele opp- og nedturar gjennom kampen saman med andre supporterar – på bekostning av kvarandre. Det nærmar seg start. Kamilla og Hans ser på denne kampen som særs viktig. Berre Manchester United har fleire registrerte fans enn Liverpool i Noreg. Ingen tør å spå resultatet mellom storlaga Manchester United og Liverpool.

 

– Når laget ditt skårer er det herleg å dele den gleda med andre, seier Kamilla.

 

Hans seier seg einig og meiner det er nesten som å vere på stadion. Han forstår ikkje at ikkje fleire vitjar Rokken for å sjå kamp.

 

– Det må vere ekstremt stusseleg om laget ditt taper og du sitter aleine heime og trøysteét, legg Kamilla til.

 

Einaste fotballpuben

Femti tilskodarar er vi, og det er meir enn dagleg leiar Victor Kjeldstad på Rokken fotballpub torde håpe på. Han fortel at dei slit med å selje inn ein fotballpub-kultur i Volda. Dette til trass for at Rokken, i følgje Victor, er det einaste tilbodet i Volda og Ørsta.

 

– Nokon storlag, til dømes Chelsea eller Manchester City, må vi jo vise. Men på dei kampane er det kanskje fem personer her.

 

Victor sett pris på dei få som nyttar tilbodet fast.

 

– Tilbodet er ope for alle. Vi føler eit samfunnsansvar, seier han stolt.

 

På Noreg sine landskampar var det sånn som Victor vil ha det:

 

– Kjempekok, vi får ikkje med oss like mykje av kampane som til vanleg, men det er kjekt å vere på jobb når ting skjer, fortel Kjeldstad.

 

Høg temperatur

Plutseleg klappast og ropast det, kampen er i gong.

 

– Kom igjen då, bjeffar Hans.

 

50 tilskodarar er på plass, og fordelinga mellom fansen er jamn. Liverpool opnar vaklande; Hans sleng ut ord som ikkje egnar seg på trykk. Til pause står det 0 – 0, etter ein sjansefattig omgang. Uniteds keeper De Gea har ennå ikkje vore borti ballen. Hans er mutt. Kamilla er ikkje i ekstase ho heller.

 

Andre omgang blir annleis. Manchester United tar fullstendig kontroll over kampen. Kamilla får høve til å juble høgt heile tre gonger. Liverpool-spissen Christian Benteke skårer ei brassespark-perle, men reduseringa blir berre eit trøstemål.

 

– Sørgjeleg, er Hans sin oppsummering av kampen.

 

Når dommaren bles av kampen kan ein sjå dei tapande supporterane henge med hovudet, medan resten sleppe ut sine letta gledesbrøl. «Delt glede er dobbel glede, delt sorg er halv sorg».

 

 

 


Har du sett disse sakene?