Millom bakkar, berg og tindenåler

Molladalem, heilt ytterst på Ørstahalvhøya, har i generasjonar tiltrekt seg fjellfantar og klatrarar frå inn- og utland. Ein åpen dal med eit vatn omkransa av steile og kvasse fjell i ein herleg hestesko. Natura har tradisjon for å ta turen opp hit kvar haust, og turen er eit av essa i ermet som få ikkje har blitt glade i.

Der er tre vanlege vegval til Molladalen og i år fall valet på den flotte ruta frå den endå flottare Romedalen. Med start på Steinstøylen går ruta opp i skaret til Brillevatnet og vidare langs merka DNT-rute til ein entrar Molladalen. Sidan det regna, og skodda hang lågt, vart ikkje utsikta noko vidare. Men det skapte ei trolsk stemning der tindar kom til syne for so å forsvinne tilbake i skoddehavet.

Turen inn, med rikeleg oppakkning, tek omlag 2 timar i passe tempo. Men uansett er gleda stor når ein får slenge frå seg sekken, sjølv om neste oppgåve med å reise teltet står for tur. Endeleg i hi, var det middagstid og på tide å få utbytte for all den bæringa. Det kom rapportar om at på menyane stod alt frå taco, pasta til fiskesuppe (utan fisk då den låg att på kjøkkenbenken heime).

Etter ei god natt søvn, og ein del havregraut med rosiner, var det avmarsj mot heile turen sitt høgdepunkt, klatring på Bladet. Vegen opp dit går opp Monhsrenna, ei bratt og smal renne med ein del laus stein. Her brukar røynde fjellfolk hjelm då ein ikkje kan vite kva folk som kan være både ovanfor og nedanfor. Som kjent for dei fleste fjellfolk med interesse for alpinferdsel er Bladet ei tindenål (pinnakkel) som har tålt tidens tann og er, som namnet seier, eit blad av fjell som står nærmast loddrett opp frå ei lita egg.

Frå toppen ser ein beint ned i Ystenesdalen og utover Årnesdalen. Klatringa er ikkje teknisk vanskeleg (grad 4), men byd på luft under vengane. Som oppvarming vart det lagt ut tausikring av våre eminente turleiarar opp på Mohns topp. Denne toppen er ein fin avstikkar når ein først er i området og er meir luftig i vertikale høgdemeter enn Bladet. Men med litt list og nervar kjem ein seg greitt over smale passasjar og bort på toppen, 1340 moh med fantastisk utsikt!

Vel nede att var det på sin plass med ein velfortent slurk før ein byrja emne på middag. Igjen viste kok(k)elaga seg frå ei framifrå side, og diska opp med mykje meir enn hybelmat. Viltgryte med hjort, laks med grønsaker, heimelaga kyllingbollar i tomatsaus og creme brulée til dessert. Ein svelt ikkje på fjellet.

Neste dag kunne ein vakne til blå himmel og strålande sol, noko me hadde ønska oss heile fredagen og laurdagen. Det vart morgonbad på enkelte og frokost til alle. Då det var litt ulike ønskjer frå deltakarane vart det til at ei gruppe pakka sekken og bevega seg på heimveg, nokon pakka sekken med tau og retta snuten mot fjellveggen. Og dei siste sette seg Jønshornet som mål for dagen. Uavhengig av kvar ein bevega seg, vart det bar overkropp og sol i bringa. Då der livet herleg.

Tusen takk for turen!

Neste tur på programmet er surfing på Stadt 27-29 sep. Me satsar på fint veir og masse bølger!

Om du ønskjer meir informasjon om Natura, eller kunne tenke deg å verte medlem, gå inn på blogen vår, besøk oss på Facebook eller ta kontakt på e-post 

Blog – http://naturavolda.blogspot.no/
Facebook – https://www.facebook.com/Naturavolda
E-post – naturavolda@gmail.com


Har du sett disse sakene?