Melankolsk Messe

Ingrid Olava Brænd Eriksen, eller berre Ingrid Olava som ho er betre kjendt som, er tilbake med sitt tredje album. Det har vorte ei melankolsk, men også gjenkjennbar plate.

Med sine to første album har Ingrid Olava vorte ein etablert artist her til lands. Det har gått drøye 3 år sidan det forrige albumet, ”The Guest”, og på den tida har Ingrid Olava utvikla seg som artist. 30. August kom det tredje albumet ”Summer House”, og det er eit mykje meir eksprimentellt prosjekt enn tidlegare.

Det heile startar roleg med tittelkuttet ”Summer House”, og låta setter umiddelbart stemninga og lydbilete for plata. Dette er lavmelt og melankolsk, og assosiasjonane går med ein gong til kollega Susanne Sundfør, og hennar elektroniske lydbilete. Samtidig er det ikkje vanskeleg å gjenkjenne særeigenheita til Ingrid Olava, og denne nye retninga vekkjer umiddelbart interresse.

Etter åpningsporet held det melankolske og litt mystiske lydbiletet fram med ”Brand New Oslo”, før vi får ein ny potensiell single i ”Clap Hands”. Dette er ei meir fengjande låt med ei repeterande, men minneverdig tekst. ”Just cause i nag, doesn’t mean i’m a bitch” er ei frase som sett seg i underbevisstheita og blir der, noko som tyder på at Olava som tekstforfattar truffe spikeren på hovudet.

Det tek nokre gjennomlyttingar før alle låtene på ”Summer House” setter seg, og før dette skjer, følest det heile som ei noko trist affære. Det melankolske og nedstemte verkar litt vel dominerande, men etter kvart som ein høyrer meir på musikken, ser ein også lyspunkta. Nemnte ”Clap Hands” er eit eksempel på dette, og den dansbare førstesingelen ”Black Box” er med på å tilføre plata ein fin dynamikk, sjølv om den kan vere vanskeleg å oppdage med det første.

Men det absolutte høgdepunktet er den inderlege ”Dark Eyed December”. Denne såre ballada tek Olava med lyttarane på ei kjærleikshistorie frå ein norsk vinter, der ein nærast kan sjå føre seg kirkeklokker og tette snøbyger. Teksta fortel ingenting rett ut, men vi forstår kva dette handlar om, og trur på dama når ho legg ut om sine innerste følelsar. Mykje av dette er på grunn av den fantastiske innlevinga dama har som vokalist, i tillegg til ein nydeleg melodi.

”Summer House” tek oss med i ei ny retning med artisten Ingrid Olava. Om du hadde ynskja deg den til dels lettfattelege popen som ho har laga tidlegare, er ikkje dette plata for deg. Men musikken har framleis noko av det gamle i seg, men på denne plata dreg ho med seg mange nye innspirasjonar, og klarer og skape noko nytt. Det er eit dristig valg, men også viktig for å unngå stagnasjon, og det vert spanande å fylgje denne artisten framover.


Har du sett disse sakene?