Lokalidrettens reinkarnasjon

Start: 23 personar møtte til start i det fjerde løpet i Rotevatnet Rundt. Foto: Kjetil Høiby

Ein gong i månaden spring eit tredvetals lokale innbyggjarar på tid rundt eit lite vatn i skuggen av Rotsethornet. Etter 15 år på dødsleiet, har endeleg landevegsløpet Rotevatnet Rundt stått opp att frå dei døde.

Foto: Kjetil Høiby

Det blir sagt at løping er den edlaste og reinaste av alle idrettane. Ingen ferdigheitar som må lærast, ikkje noko utstyr som må kjøpast. Berre disiplinert trening gjer meister. Løping er mennesket mot elementa, mann mot natur.

Natur er det mykje av rundt Rotevatnet. Mykje utstyr er det òg – det er lett å sjå at nordmenn er det folket i verda som nyttar mest pengar på sportsutstyr. Menneskje er det verken mange eller få av. Færre enn løpet månaden før, men 23 påmelde er likefult brukbart. Antalet er uansett ikkje det viktigaste. Det er heller ikkje konkurransen per se. Her skal dei oppmøtte få både sosial stimuli og sterke lår. Og, viktigast av alt, eit løp å delta i.

– Det var ingen løp her når vi kom hit. Difor grunnla vi like så godt vårt eige.

Mannen bak replikken er Henrik Angermund, student ved Høgskulen i Volda. Han talar på vegne av seg sjølv og klassekamerat Mathias Lillestøl, duoen som starta opp att det svunne Rotevatnet Rundt i januar – løpet som forsvann så lydlaust hausten ’97.

Året det var så bratt
Det er lenge sidan 1997. Hotel Cæsar skulle straks på skjermen, og MMMBop herja hitlistene både i Amerika og på Sunnmøre. 15 år utan konkurranseløping er lenge for ein kommune som for ikkje så mange tiår sidan hadde eit friidrettsmiljø å vere stolt av. Ikkje rart folk er glade for at løpet er attende.

– Å starte opp att løpet er eit godt tiltak. For hobbyfolk som meg er det viktig å ha eit mål å trene mot, fortel Daniel Bondhus (36) to minutt føre startskotet går for fjerde, og nest siste utgåve av vårens fem løp.

Natur: Løparane er omgitt av vakker natur i Rotevatnet Rundt. Foto: Kjetil Høiby

Sidan januar har Angermund og Lillestøl arrangert løpet på 6,5 kilometer éin gong i månaden. Saman skipa dei Volda i Vinden Idrettslag, og saman møter dei opp til kvart løp for å registrere deltakarar og ta tida på kvar og ein som kjem i mål.

– Det er ikkje mykje arbeid med eit slikt arrangement, men det tar litt tid å reklamere for det, henge opp plakatar, drifte Facebook-sida vår, og liknande. Det er ein del som skal planleggjast, forklarar Angermund.

Planlegging bør likevel ikkje vere den største utfordringa: Begge studerer planlegging og administrasjon ved Høgskulen. Ein students flyktige tilvere kan derimot bli ei større utfordring.

SOS
Siste løp for våren går 12. mai. Etter det er det ikkje planlagd fleire løp, i hovudsak på grunn av uvissa over kvar dei to er å finne i landet, etter sumaren. Det er avgrensa kva studentar utan fast bustad i Volda kan halde i gong åleine.

– Det vert viktig å få inn fleire aktørar frå hausten av som hjelpe til å drive løpet. No får vi hjelp frå Volda Turn og Idrettslag (VTI), Volda Frivilligsentral og andre bidragsytarar, men vi treng andre folk til å ta over, seier Angermund.

Dersom ingen meldar seg til å ta ansvaret for å arrangere løpet, kan Rotevatnet Rundt i verste fall lide same skjebne som for 15 år sidan.

Gode gamla dagar
Eit dykk i arkivet til Knut Innselset, eigedomssjef i kommunen på heiltid og lokalt idrettsleksikon på deltid, syner oss at Rotevatnet Rundt debuterte på løpskalendaren så langt tilbake som i 1973. I 24 år vart løpet halde i gong, heilt til interessa frå arrangøren på den tida, VTI Nordisk, fråfall, og løpet sovna stille inn.

Traseen i løpets første liv liknar mykje dagens, men varierte så smått med åra og låg stadig rett i overkant av sju kilometer. Dette skin att i vinnartidene. Medan vinnartida til Bjørn Sigbjørnsen i ’73 var på 24:39, har ingen av vinnarane så langt i år brukt meir enn 23 minutt. I april-utgåva vart det attpåtil satt ny løyperekord: Ingen har sprunge fortare rundt vatnet enn Tewoldebirhan Tsegai – eritrearen nytta berre 20 minutt og 46 sekund.

Kongen av Rotevatnet: Tewoldebirhan Tsegai. Foto: Kjetil Høiby

I dei første 24 åra vart løpet berre halde éin gong i året. Første laurdag i oktober var fast samlingsdato for ivrige løparar – og dei var det ikkje få av. På 80-talet var det ikkje uvanleg å sjå opp mot hundre deltakarar på den tronge, men pittoreske stien. Deltakartalet hittil i år, som har lege stabilt på rundt tredve, visnar i forhold – men, som sagt, det var andre tider den gong.

Konkurranse?
Mottoet til løpet er ”Eit løp for alle og kvar og ein”. Slagordet vert etterlevd: Gutar i sine første tenår, menn i sin beste alder og kvinner på grensa til den potensielt skremmande førtiårskrisa vier alle eit par formiddagstimar til å springe om kapp. Nokre for trimmen sin del, mange for konkurransens – om det då kan kallast konkurranse. Rekordinnehavar Tsegai frå Eritrea har vunne tre av fire løp, og har forbetra tida kvar gong. Rykta fortel at målet hannar er under 20 minutt neste gong.

Det er lite som tilseier at løping er så reint og edelt som enkelte skal ha det til der person etter person kjem over målstreken ved klubbhuset. Adlete er dekt av sveitte og smertefulle grimasar. Deltakarar, tilskodarar og arrangørar smilar likevel – løpemiljøet er fødd på ny.


Har du sett disse sakene?