Klede er aldri boss

Nordmenn kastar i gjennomsnitt ni kilo tekstilar i restavfall i året. Om dei vert sendt til attvinning vil det spare miljøet og hjelpe folk i nød.

 

Statens institutt for forbruksforsking SIFO, melder at importen av klede til Noreg har vorte dobla frå 1990 til 2010. I same periode har prisane på klede vorte halverte. Den aukande tekstilproduksjonen og forbruket av klede har mange skuggesider, ei av desse er påverknadane på miljøet.

 

For fullt i søppeldunken

Sosionomstudent Malin Brinchmann (20), innrømmer at ho handlar klede alt for ofte. Ho ryddar derfor regelmessing i skapet.

 

– Eg likar å ha kontroll i klesskapet mitt. Det gjev ein god følelse å lett finne fram til det ein vil ha på seg. Når eg først ryddar i garderoben så kan eg bruke ein heil dag på det. Då vert det uansett ikkje plass i søppla, og ein kan like godt donere vekk, fortel Brinchmann.

 

Vinn for Vesten, tap for u-land

Tarjei Engeset Ofstad er PR og kommunikasjonsansvarleg i RE:ACT Volda. Den 22. oktober arrangerte dei ein bytemarknad ved Høgskulen. Her kunne folk ta med seg klede og gjenstandar dei ikkje nytta, og ein kunne forsyne seg av det andre tok med seg.

 

– Folk må donere klede fordi me lev i eit over – forbrukssamfunn som går ut over miljøet på heile jorda. Me vil ha eit betre og artigare liv om me set meir pris på det me nyttar, meiner Ofstad.

 

Han fortel at det er to årsakar til at me burde nytte tekstilar og andre gjenstandar om att.

 

– Det eine er miljøaspektet. Me kan ikkje halde fram med å nytte så mykje som me gjer no. Særleg ikkje i land som Noreg. Det andre aspektet er at kledeindustrien er uetisk. Det meste vert produsert i lågkostland, fortel han.

 

Produksjon av tekstilar vert for det meste gjort i utviklingsland. Det meste av fortenesten endar opp i Vesten. Dei som arbeider i fabrikkane har ofte farlege arbeidsforhold og svært låg lønn. I tillegg sit utviklingslanda att med miljøskader. Tekstilproduksjon krev mykje energi og vatn. Det vert ofte nytta kjemikaliar som er miljø- og helseskadelege, som til dømes bruk av kjemiske sprøytemidlar i bomullsproduksjon.

 

9 kilo tekstilar rett på dynga

Undersøkingar viser at nordmenn kastar i gjennomsnitt ni kilo tekstilar i restavfallet kvart år. Det meste av desse tekstilane kunne vorte sydd om, sendt til folk som har behov for dei eller blitt resirkulert. I staden vert det brent i saman med resten av restavfallet. Dette talet overraskar Ofstad.

 

– Det er ganske mykje. Det er synd at me lev i ein verden der me ikkje vil gje det vekk i staden, seier han.

 

Berre bra å donere

Studiar frå Østfoldforsking viser at for kvar kilo tekstilar som vert levert til gjenbruk eller attvinning vert miljøet spara for i snitt ti kilo CO2, ein halv liter kjemikaliar, og nesten 2500 liter vatn.

 

I Volda finn ein behaldarar frå U-landshjelp frå Folk til Folk (UFF), og Fretex, der ein kan levere tekstilar. Kleda som vert leverte her endar opp med å bli selt i butikkane til desse organisasjonane, eller vert gjeve til folk i krigsherja land. Det kjem an på kvaliteten. Slik kan ein ved å donere klede både spare miljøet for ressursar, og bidra til humanitært arbeid.

 

Nordmenn er flinke til å levere inn fine klede. Det er ei myte at berre tekstilar i god stand burde leverast inn. Slitte klede burde og leverast. Noko kan settast i stand att, medan resten vert sendt vidare til attvinning. Til og med ein einsam sokk har nytteverdi og burde leverast. 20 prosent av det som vert levert inn vert sendt vidare til materialattvinning. Då vert tekstilane nytta i produksjon av nye gjenstandar. Tekstilane kan verte gjort om til for eksempel bilmatter, isolasjon til bygningar eller til å lage nye klede.

 

Handlar for mykje

Brinchmann trur at netthandel må ta ein del av skulda for at folk handlar meir enn dei treng.

 

– Det blir ein del nettshopping. Kleda ser bra ut på bileta, men så vert det ofte ikkje like bra i verkelegheita. Når ein handlar på nettet vert det og til at ein kjøper fleire ting enn ein hadde tenkt. Ein tenkjer ikkje like mykje over kva ting kostar som når ein er i butikken, trekk kortet og tastar koden sin, seier Brinchmann.

 

Kleda treng ikkje å vere utbrukt før ho kvitta seg med dei.

 

– Ofte er det ikkje noko gale med kleda, berre at ein er lei av dei. Eg likar tanken på at kanskje nokon andre tykkjer dei er fine og har lyst å bruke dei.

 

Brinchmann er også overraska over at nordmenn i snitt kastar fleire kilo tekstilar i restavfallet i året.

 

– Det er ikkje noko vanskeleg å donere vekk klede. Det er ein lett ting alle kan gjere for å bidra til å hjelpe miljøet. Ikkje alle kan ha el-bil og sånn. Dei fleste pantar jo flasker. Det er like lett å donere klede. Folk pantar flasker, for då får dei noko igjen. Kanskje det burde vere pant på klede? Men følelsen av at ein gjer noko bra burde vere motivasjon nok.

 

 

 


Har du sett disse sakene?