Kjærleikssjuke apekattar

Arctic Monkeys sitt femte studioalbum, AM, er rett og slett eit veldig, veldig bra album. Så bra at det kan måle seg med dei fire første, litt av ein prestasjon, spør du meg.

Når Arctic Monkeys lanserer ny plate, er det med høge forventningar for underteikna. Sidan debutalbumet i 2006 er det i mine auge få som har laga god musikk i den mengda som Arctic Monkeys har. Sjølv om lydbildet er litt anleis, er det fortsatt dei skarpe, gjennkjennelge gitarriffa, og den stadig mørkare stemma til vokalist Alex Turner som set hovudpreget.

AM startar sterkt, singlane Do I Wanna Know? Og R U Mine? Stiller spørsmål som ein kjærleikssjuk Turner lengtar etter svar på. Når eg har høyrt ferdig siste sang, I Wanna Be Yours, høyrest det ut som at han ikkje har funne svara sjølv. Likevel sit eg som lyttar igjen med alla svara eg vil ha.

Turner blir gjerne rekna som ein av dei beste låtskrivarane i Storbritannia, og eg skal ikkje krangle særleg mykje på det.

My days end best when the sunset gets itself behind
That little lady sitting on the passenger side
It’s much less picturesque without her catching the light
The horizon tries but it’s just not that kind on the eyes

Tekstane treff som få andre evnar. Etter nokre gjennomlyttingar har eg vanskeleg for å legge frå meg plata. Songane sit på hjerna. Når eg tenkjer meg om er kanskje førstealbumet fortsatt min favoritt, men AM er eit steg i ein ny retning, ein retning dei gjerne kan fortsette i for min del.


Har du sett disse sakene?