Jungelpraktikantene

På eit rehabiliteringssenter for rusavhengige i India utfører sosionomstudentane Charlotte Marie Brundtland og Linn Heidi Berntsen ein ganske annleis praksis.

 

Skremselsteoriar

På LINK-senteret jobbar praktikantane med rehabilitering av rusavhengige i omgivnader som er svært ulike dei ein finn i det norske helsevesenet.

 

– Det krasjar jo litt med det vi lærer i Noreg, seier Charlotte.

 

Ho beskriv korleis dei tilsette på senteret har ein litt nedlatande holdning overfor pasientane og brukar andre behandlingsteknikkar enn det dei anbefaler på utdanninga for sosialt arbeid på Høgskulen i Volda.

 

– Vi ville ikkje brukt dei skremselstaktikkane som dei gjer. Dei viser bilete av kreftpasientar for å virke avskrekkande. Og er dei ikkje med på dei arrangerte aktivitetane får dei ikkje lov å ringe heim. Det likar eg ikkje.

 

_MG_5354 copy

Linn Heidi og Charlotte skal ta større og større del i behandlinga av pasientane.

 

Senteret ser ut som det er nokre tiår gammalt. Korridorane er mørke og dunkle. Kontoret til jentene ser mest ut som ei fengselscelle, og romma til pasientane er utstyrt med berre det aller mest nødvendige, ei seng og eit skap. Jentene forklarer at mange av pasientane brukar mesteparten av tida mellom måltida på romma, der dei prøver å sove. Det får tida til å gå fortare. Pasientane er innlagd her i 30 dagar før dei skal tilbake til samfunnet. Dei fleste slit med alkoholavhengnad.

 

Guten med tatoveringane

Rundt omkring på senteret sit pasientane – gamle og unge, pent kledd og fillete kledd. Dei kjem frå alle stader i India. For det meste er det press frå familien som har ført til at dei er her no.

 

Ein liten gut fangar merksemda med ein gong. Han sit blid og fornøgd blant dei mykje eldre pasientane.

 

– Han der er så skjønn. Eg har lyst å ta han med meg heim, seier Charlotte.

 

Guten, Vishal, er berre 13 år. Når han var to år gamal døydde mor hans. Faren gifta seg på nytt og forlét guten. Sidan det har han jobba seg frå Mumbai, sørover til Mangalore der han vart plukka opp av ein velgjerdsorganisasjon som bringa han til LINK-senteret. Han er avhengig av tyggetobakk og har seks tatoveringar. Likevel ser det ut som han er ein av dei få pasientane som kosar seg. Han snakkar ikkje engelsk, men prøver sitt beste å kommunisere ved å veive med hendene samstundes som han snakkar på hindi.

 

Historiar som Vishal si er det mange av på senteret. Rusen er ofte berre eit symptom på djupare problem. Her i India får Linn Heidi og Charlotte sjå ein kultur heilt ulik den dei er vand med og lærer seg korleis dei skal handtere nye situasjonar.

 

– Det som har vore mest interessant for meg har vore å snakke med pasientane. Dei fortel oss så mykje og er veldig opne. Det er annleis enn det ville vore i Noreg. Dei har ingen hemningar, tykkjer Charlotte.

 

For mange verkar det kanskje rart å velje å ta praksis på ein plass som er så langt vekke heimafrå, og jobbe med folk som er så ulike nordmenn.

 

– Vi har allereie jobba med sosialt arbeid i Noreg og ville prøve noko nytt og utfordrande, seier jentene.

 

Den største utfordringa er språket. Dei fleste av pasientane snakkar ikkje engelsk og dette gjer arbeidet mykje vanskelegare. Det er ikkje lett for dei å ta full del i pasientane si behandling når dei berre kan kommunisere på det mest grunnleggande planet.

 

Innsyn i India

– Vi får oppleve så mykje, seier Charlotte.

 

Begge to smiler, og tenkjer tilbake på alt dei har fått gjort, sjølv om dei berre har berre vore nokre veker i India. Dei føler seg godt motteke, men merkar kulturskilnaden.

 

_MG_5519 copy

Pasientane på rehabiliteringssenteret er klare for eit varmt måltid.

 

– Vi får vere med på det kulturelle og vi feirar alle høgtider. Vi føler oss som ein av dei og det er veldig gøy. Vi blir skikkelig inkludert, og dei er opptatt av at det dei har, skal vi òg ha. I Noreg er vi vand med å vere ganske mykje aleine, men det er dei ikkje her. Dei syns det er skikkelig rart dersom vi er aleine på rommet vårt, då blir dei veldig bekymra for oss.

 

India kan verke overveldande på sjølv den mest herda personen. Det er mange folk overalt, trafikken vil gi folk flest ein støkk første gang dei må ta del i den, og fattigdommen kan ein sjå overalt – heile tida. Når dei kjem tilbake til Noreg kjem dei til å sjå på samfunnet på ein anna måte.

 

– Eg trur vi kjem til å sette meir pris på det vi har, fortel Charlotte. Linn Heidi følgjer opp:

 

– Eg trur eg kjem til å ha meir forståing når eg høyrer om fattigdom. Eg kjem nok til å kjenne at eg veit kva det er snakk om. Eg har sett det.

 

Charlotte og Linn Heidi skal vere i India fram til desember og skal etter planen ta større og større del i behandlinga av pasientane. Når dei kjem heim til Noreg vil dei ha lagt bak seg tre månader i India.

 

 

 


Har du sett disse sakene?