Høgt heng dei og blide er dei

Frå null til 1010 på snaue seks timar. Luftig er det, via ferrata i Loen. Slitsamt er det òg tidvis, i vertfall i fylgje oss mindre trente. Likevel viser ansikta ei viss tilfredsheit.

– Dette greier eg ikkje, seier ei med hjelmen på snei og knokar som kvitnar rundt stålwiren. Men alle greier det, med berre ein liten dytt eller eit løysingsforslag på neste steg.

Det er ingen tårer ala 71 grader nord, men det er vel heller ikkje så mange med ekstrem høgdeskrekk som forviller seg hit. For mange er den største uroa i dag om dei rekk ned att før ølsalet stenger.

Via ferrata tyder jernsti og har sin opphav i Italia. Under fyrste verdskrig vart det utkjempa harde kampar i Dolomittene og det vart bygd ein via ferrata for å betre framkommelegheita i fjellet.

Ein stålwire bolta fast til fjellet fylgjer klatraren opp. Ein nyttar dermed ikkje eigne taug og kiler for sikring. I staden klipsar ein seg fast til ruta som allereie er lagt opp. På dei vanskelegaste plassane nyttar ein stegtrinn i fjellet for å få føtene på trygg grunn.

– Bruk kneet mitt.

Turguide Halfdan Strømgren får opp sjølv dei som er skjelvande i beina og såre i henda. Om det blir alt for gale, dreg han dei opp.

Via ferrata Loen er ein litt spenstigare måte å kome seg opp på fjellet Hoven. 1010 meter over havnivå. Dei fyrste 440 metrane er utan klattring, men det er meir enn bratt nok til å bli andpusten. Så er det bare spenne seg fast og byrja klatringa.

Gode sko, ein klatresele, slynge og ein hjelm er det ein treng. Det finnst dei med hagehanskar òg. Er ein av dei med litt meir sart hud på hendene kan det nok vere lurt.

Fleire godt vaksne menn passerer oss. Via ferrata er ikkje berre ein turistattraksjon, det er og ein treningstur for innbyggjarane i Loen, kan guiden Halfdan fortelja. Men om innbyggjarane ferdast på eige hand, er det nok for dei fleste andre lurt å ha med ein via ferrata-kyndig.

På 750 meter ligg den berykta Gjølmunnebrua. Om ein ikkje hadde kjent på høgdeskrekken før, var det ein del som nok gjorde det no. Med sine 120 meter skal den visstnok vere den lengste hengebrua i ein via ferrata i Europa. Det er 160 meter ned, og brua er rimeleg smal. Når ein når midten gynger det bra.

Vel over på den andre sia, slår fleir seg ned med nista og dinglar litt med føtene over juvet, før den siste delen med klatring står for tur. Det er då ikkje snakk om lange tida før ein er på toppen. Retretten går på sia av via ferraten.

Attende på litt meir flatt underlag har underteikna hadde nokon gryande merkelege blåmerker og noko øm muskulatur. Mens dei fleste andre som hadde teke turen såg uforskamma opplagte ut. Ein sunnmøring bedyrar at han ikkje er mykje sliten, bratt terreng ligg vel i genane. Denne austlendingen meiner uansett det må vere lov å kjenne seg utslitt no.


Har du sett disse sakene?