Herskapeleg hybelhus

Knappe ti minutt gonge frå høgskulen, ligg det eit særdeles spesielt hus. Det er stort, kvitt, og over 200 år gammalt. Der bur fem studentar i kollektivet som tidlegare har vore bustad for sorenskrivarane i Volda.

 

Delar av huset er frå ein tidlegare prestegard, og er no innreia med antikvitetar frå heile Europa. Husvert og eigar Kjell Fure kjøpte garden nokre år tilbake, og brukar det no som fritidsbustad i tillegg til midlertidig utleige. Studentgjengen kjenner seg privilegerte som får lov å bu der.

– Dei fleste som kjem på besøk er ganske fascinerte, seier musikkstudent Torgeir Espedal. Han og resten av gjengen har ofte små festar i sorenskrivargarden, og då gir dei grei beskjed om at folk må vere forsiktige.

– Det er så mange fine ting her, så det er jo litt skummelt dersom noko skulle bli øydelagt, seier Amalie Hagen.

 

Knirking i krikar og krokar

Med gamle hus følgjer det ofte med ein del knirking i krikar og krokar. Studentane har mykje skryt å komme med til huset, men kan det bli skummelt å bu i eit så gammalt hus? Noko av det første Amalie fekk høyre då ho flytta inn, var at det vertfall ikkje spøka. Ingen av dei er overtruiske, men jentene innrømmer at det er litt skummelt når dei er aleine heime. Det er seks soverom, og gjengen teller at det er minst seks stover i tillegg.

– Det er så stor og god plass, at når nokon plutseleg står rundt hjørnet skvett eg skikkelig, seier Synnøve Bustad.

Torgeir har soverom i 2. etasje, og meiner huset er svært lydtett. Dette er ikkje jentene heilt einig i. Synnøve fortel med latter at alle høyrer vertfall når Torgeir spelar på elgitaren sin, og Amalie meiner ho høyrer alt uansett.

– Jaså? Høyrte du at eg hadde nachspiel i natt?, skyt Olve Storlykken inn.

Amalie ser litt overraska ut, og gjengen bryt ut i latter. Ho raudnar litt og fortel at ho trudde kanskje vaskemaskina hadde laga litt rare lydar. Med fleire unike rom i huset er det ikkje mangel på plass. Nesten alle har kvar sitt bad, og dei ulike romma har forskjellige særpreg. Det mest spesielle rommet har Torgeir.

 

– Alle er misunnelege

Torgeir har blitt fortalt at rommet er måla av ein kunstnar for mange år sidan. Veggane har ulike mønster i blått og grønt, og alle dørene har ulikt design. Midten av rommet er pryda av ei himmelseng som er skoren ut i tre. Når ein ligg i senga og ser opp i taket, er det måla sauer som skal hjelpe ein å falle i søvn. Oppi alt dette står elgitaren til musikkstudenten. Kontrastane mellom hans moderne saker, og sjela i det gamle rommet er slåande.

– Alle er misunnelege på hyblane våre, skyt Amalie inn og gjengen nikkar.

Ute har dei ein stor hage, med både plomme-og epletre. Dei skryt mykje over utsikta, og kor herleg det er å bu litt utanfor alt maset i sentrum. Her har dei like lang veg til Rotsethornet som til Rokken. Men sjølv om dei elskar hyblane sine, blir kanskje Torgeir og gjengen dei første og siste studentane som får bu i huset. Eigaren skal sjølv byrje å bruke det, og kan seinare førestelle seg å bu i det herskapelege hybelhuset.

 


Har du sett disse sakene?