Flukta til verkelegheita

Foto: Charlotte Oliversen

Kamilla og Lars Monsen vart fanga av Vestlandsnaturen etter studietida i Volda. For hal-vanna år sidan pakka dei surfebretta og reiste ut til Stadlandet og havet – på ubestemt tid.

Vegen slyngar seg langs eit vatn og forbi ein skule med rundt tjue elevar. Den stoppar på ein parkeringsplass ved ei lita kvit kyrkje, tjue steg frå stranda. Ervik i Selje kommune er sur-fespoten og arbeidsplassen til lærarstudenten Lars. Her møtte han også kona si for første gong.
–Eg var ute å surfa, og såg at det var noko på gang i kyrkja. Der inne stod Camilla over sup-pegrytene og laga mat til tjue personar. Eg skjønte at ho måtte vere draumekona, flirer Lars.
–Neida, det var vel ikkje kjærleik ved første blikk, men vi klikka veldig bra.

Ein bil svingar inn på parkeringsplassen, han har surfebrett på taket. Camilla og Lars helser på dei nykomne, og praten dreier fort inn på bølgjeforholda.
–I Hoddevik var det flatt, i Ervika brukbart, konstaterer surferane.
Dei går ikkje i vatnet i dag. Dei har jo sjansen i morgon òg.

Hjarterom
– Eg hadde mitt første møte med Stadlandet då eg jobba som sivilarbeidar på Nordfjord fol-kehøgskule. Ei frihelg tok eg surfebrettet i bilen og køyrde ut aleine. Det var 25 grader og vindstille. Eg stoppa på toppen av Hoddevik, og utsikta slo meg rett i bakken, fortel Lars Monsen.
Vestlandet og Stad har blitt ein stor del av livet til det unge paret. Medan dei studerte i Volda vart det mange turar ut på den vestlegaste odden av Noreg, og dei vart etterkvart godt kjent med både tilflytte surfarar og lokale.
–Surfen var den største grunnen til at vi flytta ut her. Surfemiljøet ligg nær hjartet vårt, og vi vil veldig gjerne vere med på utviklinga i Noreg, seier Camilla.
Det bur 12-15 fastbuande surfarar i området. Om sommaren, veldig mange fleire.
–Alle møtast på stranda og i vatnet, og ein diskuterer forholda og bølgene, fortel Lars.

Det som gjorde at paret tok steget å flytta til Stadlandet, var menigheita Filadelfia. Parallelt med å utvikle eit nært forhold til naturen, vart dei også tekne i mot med opne armar av men-neska som bur der ute.
–Etter me vart kjend med menigheita, har vi alltid hatt ein plass å bu. Lars fekk for eksempel bu ein månad hos pastoren og kona, og me kan alltid gå inn og ut hos naboane som me vil, fortel Camilla. – Det er som å ha ein ekstra familie, dei er gode folk.

I eit gult hus med torvtak har Camilla og Lars Monsen skapt ein liv inspirert av gjestfriheita dei sjølv vart møtt med når dei først kom til Stadtlandet. Gjesteromma står klare for å ta imot vener, og over kjøkenbordet heng to måleri frå nokre jenter som fekk sove der.

–Dei er så søte, smiler Camilla. – To 17-åringar som er supergira på surfing, og surfegutar, då.

Tilbake i tid
Eit stovebord forma som eit surfebrett, heimesnekra treknaggar, eit staffeli med eit påbyrja lerret – mykje syner at den tidlegare media, ikt og design-eleven har tatt dei grafiske talenta med seg på flyttelasset. Frå arbeidsrommet i andre etasje tek ho oppdrag for kjende og ukjen-de, og bygger opp sin eigen arbeidsplass frå heimen i havgapet.
–Yrket har ein del å seie når ein flytter ut til ein liten plass som Leikanger. Dei som kjem hit er gjerne fotografar, journalistar, grafiske designarar eller andre ting ein kan gjera heimefrå. Ellers finst det mest lærar- og kommunejobbar, fortel Camilla.

I Leikanger og området rundt bur det 5-600 menneske. I sentrum finn du ein av alt – matbu-tikk, blomsterbutikk, galleri, elektrisk forretning og ein kafé som er open dei fleste onsdagar og fredagar. Dei finst eit skulekorps og eit fotballag i femtedivisjon, og utanfor Bunnpris par-kerer ein bilen med nøkkelen i tenninga.
–Det er jo ganske avsides å flytte ut hit, seier Lars.
–Det er to timar til alt. Berre for å få tak i hundefòr må ein jo sette heile verda i sving.
Fjernsynet fekk ikkje vera med på lasset når dei flytta. Eit tidssluk og pengesluk, fann dei ut. Og så blir det jo meir tid til å gjere andre ting, som å lese, surfe eller gå i fjøset for nabobonden.
–Det er jo litt nasjonalromantisk. Litt flukta frå verkelegheita. Eller kanskje det eigentleg er flukta til verkelegheita? Ein mann frå Stårheim fekk ei gammal våtdrakt, slik at han kunne symje ned å fikse noko på skroget på båten sin. Til gjengjeld kom han med eit lass med hjor-tekjøtt og sauekjøtt, ein skikkeleg bytehandel slik dei gjorde det før i tida, ler Camilla.

Familien vil gjerne ha dei heim til aust, i alle fall om det ein gong blir barn. Men for no tek dei dag for dag. Heilt utan TV-nyheiter og kaffe latte. Men dei har bølgene eit kvarter unna, og på bordet i gangen ligg ei gjestebok for vener som kjem langvegsfrå. Og dei kjem, for mange vil gjerne sjølv oppleve naturen som fekk Camilla og Lars til å bli på Vestlandet, sjølv om studietida i Volda var over.

Foto: Charlotte Oliversen


Har du sett disse sakene?