Ei bølgje av begeistring for Asia

Japansk populærkultur og kinesiske framtidsutsikter trekker fleire studentar enn nokon gong

JAPANSK: Malin Erika Johnsen fekk interesse for Japan då ho byrja med kampsport. Sidan har ho studert språket på Universitetet i Oslo.

JAPANSK: Malin Erika Johnsen fekk interesse for Japan då ho byrja med kampsport. Sidan har ho studert språket på Universitetet i Oslo.

Foto: Gina Næss Korslund

– Endeleg skjer det noko, seier Benedicte Irgens, førstelektor i japansk ved Universitetet i Bergen.
– Interessa for Kina og Japan har auka veldig dei siste åra, sier Irgens. Tidlegare hadde japanskstudiet berre opptak kvart andre år, men etter rekordmange søkarar i 2011 vart studiet utvida til å ha opptak kvar haust. Frå hausten 2013 kan ein for første gong byrje på ein bachelorgrad i kinesisk i Bergen, noko som tidlegare berre var mogleg i Oslo.

– Kina på alle sine lepper
I 2010 gjekk Kina forbi Japan som verdas nest største økonomi etter USA. Irgens er entusiastisk over at det no har blitt lettare å studere kinesisk i Noreg, utan at ho trur det kjem til å ta studentar frå japanskfaget.

–  Eg trur ikkje det er dei same folka som søker kinesisk. Dei tenker vel mest på økonomien. Kina er jo på alle sine lepper for tida. Men verda består av meir enn økonomi. Japanskstudentane er meir fokusert på populærkulturen, dei har den i DNA’et.

Irgens fortel at det ikkje er lett å svare når studentar spør kva dei kan bli med ein bachelorgrad i japansk eller kinesisk.

–  Det er ei bølgje av begeistring for Asia no, og ein kan få inntrykk av at verda ligg open for dei som kan språket. Men så enkelt er det jo aldri.

Asia for Voldastudentar
Høgskulen i Volda tilbyr for augeblinken ikkje studiar innan japansk eller kinesisk, men har tidlegare hatt kurs i moderne japansk kultur. Austral-asiatiske kulturstudium, der studentane reiser til Australia og eit asiatisk land for å lære om kulturen, har òg vore eit tilbod. Studiet har ikkje opptak i 2013, men høgskulen satsar på å tilby det igjen frå neste år.

– Eg kunne eigentleg tenke meg å vere med på det, seier Malin Erika Johnsen, som studerer journalistikk i Volda. Tidlegare har ho studert japansk på Universitetet i Oslo. Interessa for Japan byrja då ho dreiv med kampsport som liten.

– Då lærte vi å telle til ti. Seinare byrja eg å studere japansk. Det var ganske impulsivt, seier ho, og legg til:

– Eg trur det er større interesse for det i Oslo. Elles merker ein det best på internett.

Johnsen seier at ho kunne tenke seg å jobbe i Japan, men er ikkje sikker på kva slags jobb det skulle vore.

–  Det måtte vel vorte noko innan populærkulturen.

–  Endeleg skjer det ting
NTNU i Trondheim mottok store protestar frå både studentar og fagmiljø då dei i fjor kunngjorde at dei ville leggje ned fleire emne i japansk språk og kinesisk kultur for å spare pengar. Dette førte til at forslaget vart revurdert, og emna vart verande.

  –  Studietilbodet i Noreg er langt frå bra nok, spesielt når det gjeld kinesisk, seier Irgens.

Det er per i dag berre mogleg å studere kinesisk opp til doktorgradnivå ved Universitetet i Oslo. Irgens meiner det er naturleg at det neste tilbodet kjem i Bergen.

–  Men slikt tar veldig lang tid. Det er positivt at det endeleg skjer ting på dette området.

 

Her kan du studere japansk og kinesisk i Norge:

 

 

 

 

Japansk i Norge:
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
NTNU i Trondheim
Norges Handelshøgskole i Bergen (NHH)

Kinesisk i Norge:
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo

(Kilde: Fremmedspråksenteret.no)


Har du sett disse sakene?