Det gjeld å vere heil i haude

Strateg: Terje Haugen Øye håpar dei som bryr seg om klubben faktisk kjem og ser kampane i år. Det betyr mykje for spelarane. Foto: Jan Åge Sundnes

Terje Haugen Øye spelte på lågaste nivå i fotballsystemet i fjor. I år er 24-åringen kaptein for Volda.

Foto: Jan Åge Sundnes og Kjetil Høiby

Vi tok med Volda sin nye spiss, kaptein og bonde, til Volda stadion for å snakke litt før han skal lede laget sitt ut i cup-kvalifisering mot Herd.

– Vi kan slå dei i kveld. Eg må jo tru på det, seier kapteinen.

Vi set oss i ein sofa i midtsirkelen og let sola gjere sitt beste. Mannen frå Øye i Norangsdalen seier tunger vil ha det til at han er ei klubbskjøke. Volda er hans femte klubb etter at han forlét Sæbø for første gong. Som 16-åring reiste han til Stryn for å gå skule og spelte for lokallaget Hornindal. Sidan har han spelt for både Sunnylven og Ørsta, før han i fjor var spelande trenar i moderklubben Sæbø.

– Eg ser ikkje mørkt på det om eg ikkje leverer med éin gong, det vil løyse seg. Nivåforskjellen frå 5. divisjon er stor, men eg er ikkje skremd, seier han.

Taklar ikkje hovudlaust
Øye var ikkje i tvil då spelarane ville ha han som ny kaptein. Sjølv om han har bore ansvarsbindet rundt arma før, var det litt spesielt å få same tilliten som nykomar i spelargruppa til Volda. Øye ser på kapteinsrolla som ein link mellom trenaren og medspelarane.

– Eg er ein leiartype og likar å seie meiningane mine, men samstundes vere konstruktiv og vise veg. Eg prøvar å gå føre som eit godt eksempel, seier kapteinen.

Han legg til at ein som lagførar må vere «heil i hovudet». I det legg han det å vere oppegåande og fornuftig – og unngå dumme og unødvendige situasjonar på bana. Øye stupar ikkje inn i tapte duellar.

– Eg jobbar ikkje ræva av meg der ute, men prøvar å støtte og forklare. Eg føler ansvar for å gå føre i kampane. Det er vanskeleg å seie kva type kaptein eg er. Nokon meiner nok eg er ein dårleg ein også, seier han.

Første avgjersle: Som kaptein får Øye mykje trening i stein-saks-papir. Foto: Kjetil Høiby

Bondementalitet
Oppvaksen på gard er det berre naturleg at Volda sin nye kaptein er van med å ta i eit tak. Før Øye møtte til førelesing denne måndagsmorgonen, var kyrne på Øye allereie mjølka.

– Når nokon treng hjelp på nabogarden, seier eg ja så sant eg kan.

Han nektar ikkje for at mykje gardsarbeid har vore med på å gi han ein fordel i fotballen. Øye bruker styrken sin for det den er verd. Det han ikkje har av kondis, tek han att i duellar.

– Slår bondementaliteten inn på bana?

– Møter eg ein stor og sterk spelar, tenkjer eg at han er frå byen og at han faen ikkje er nokon bonde. Det hjelp i duellane, forklarar øyeleningen utan å glise altfor mykje.

Når Volda-spissen blir bedt om å rangere bondetilværet, studentlivet og vervet som kaptein, må han dvele lenge, og finn i grunnen oppgåva urimeleg. Han klarar fint å kombinere dei tre, meiner han.

Evig kaptein
Øye meiner at ved sidan av å vere fysisk sterk, er speleforståinga og gode avslutningar hans sterkaste sider som fotballspelar. Til sommaren blir han ferdig med eitt år matematikkstudie. Til hausten ventar praktisk-pedagogisk utdanning, slik at lærarutdanninga kjem i boks til neste år.

– Studentlivet er fint, og det blir det i alle fall i eitt år til. Etter det spørs det om eg skal jobbe eller ta fleire fag. Det skal noko til at eg vert bonde på heiltid, seier han.

Sommaren er høgtid. Då blir det mykje traktorkøyring. Ein dag i førarsetet under sommarslåtten set Øye pris på. Gardane på Øye verkar å vere i gode framtidshender. Å vere kaptein på livstid er han heller ikkje framand for, men om det blir for Volda er mindre truleg.

– Eg har ikkje nokon spesiell preferanse for Volda eller Ørsta. Det som er sikkert er at eg kjem til å spele for Sæbø igjen. Garantert. Sæbø er klubben min, stadfestar Volda sin nye kaptein.


Har du sett disse sakene?