«Cake»fest

 

Vito lova «ein sjukt bra kveld med god musikk og høg partyfaktor…» Og fest blei det

Foto: Madeleine Ruud Nyberg

Fredag kveld entret Vito scena på Rokken, og over 200 feststemte publikumarar stod klare. Vokalist og gitarist Paal Rørvik lot plekteret slå ned mot gitarstrengane og ut av forsterkarane runga det intense gitarriffet til songen «Get up». Dette er ein av dei eldre songane til Vito og det var tydeleg at den var godt kjent blant mange i publikum som song med for full hals. Det var heller ikkje noko og utsetje på stemninga på scena. Bandet var tydeleg fulle av energi og speleglede frå fyrste tone.

Ein kort versjon av den instrumentale låta «Live to play» blei etterfylgt av den allsong-vennlege poplåta «Green blue eyes». Her fekk bandet litt problem i starten grunna tekniske problem på scena, men vokalist Kristina Myrvold og resten av bandet tok dei tekniske utfordringane på strak arm.

Håse stemmer og gode instrumentalistar
Me fikk gamle og nye songar presentert i godt samspel og med mange gode enkeltprestasjonar av alle i bandet denne kvelden. Den håse og røffe stemma til vokalist Kristina Myrvold kler låta «Heart drop» perfekt. Alexander Nilsen sitt solide energiske gitarspel og Reidar Johansen sitt drivande bass spel på «Botox». Men Vito har fleire gode instrumentalistar! Mario Sætre leverar eit stødig trommespel gjennom heile kvelden. Paal Rørvik leverar ein røff energisk gitarsolo og vokal prestasjon på «Everglades» til stormande jubel ifrå publikum.  Drivande gitarriff driv den eine uptempo rockelåta etter den andre, og for ein energi samtlege leverar frå scena! Ikkje før ved låta «Bug» roar det heile seg litt ned. Låta startar roleg med flotte vokal prestasjonar av Paal og Kristina før den eksploderer i eit røft instrumentalt parti.

Alle elskar kake
«Er dere glad i kake?!», spør Paal til stor jubel frå publikum, før bandet sett i gong den «gamle» kjenningslåta deira «Cake». Her var bandet så proppfulle av energi og speleglede at det truleg påverka tempoet på låta.
Dersom det er noko ein skal setje fingen på denne kvelden er det kanskje at nokre av låtane gikk i merkbart hurtigare tempo enn innspelingane underteikna har høyrt av bandet tidlegare. Om dette var eit bevist val er vanskeleg å seie, men nokre av låtane kunne kanskje gjort seg betre i eit litt lågare tempo. På den andre sida takla bandet det høge tempoet godt, noko som tyder på at det instrumentale samspelet dei i mellom er solid. Dette gikk igjen heile kvelden. Det høge tempoet såg heller ikkje ut til å bry publikum på noko måte. Dei gav låta «Cake» god respons, og jubelen sto i taket.

 «I never thought I could drive this fast», syng ein gjennomsveitt Paal under kveldens beste nummer, «Highway». Låta osa av energi og heile Rokken sang med på det catchy refrenget «vohoo». Kveldens desidert beste låt og framføring! Festen var eit faktum.

Festen var ikkje over, det var meir kake att
Ekstranummer blei det sjølvsagt. «Jellyshot» blei servert av ei energisk Kristina, men publikum ville ha meir. «Cake, cake, cake!», ropa eit svolten publikum og bandet måtte gje etter for presset og servera publikum «cake» nok ein gong.

Og etter ein god time med heimesnekkra intens rock og pop hadde publikum fått det dei var lova. Ein «sjukt bra kveld med god musikk og høg partyfaktor»

[Galleries 2 not found]

Stad: Rokken
Tid: 8. februar. Kl 22.30
Publikum: 230 stk

 
Vito er eit studentband som starta opp i Volda i september 2011.
Spelar sjølvlaga låtar innan sjangeren rock og pop.
Spele sin fyrste store konsert på Rokken 8. februar 2013
Har per 10. februar 1470 lytt på nrk.no/urort
Bandet består av Paal Rørvik, Kristina Myrvold, Alexander Nilsen, Reidar Johansen og Mario Sætre

 


Har du sett disse sakene?