Byggjer skiskyttarstadion i Volda

Stadion: Slik kan den nye skiskyttarstadionen bli sjåande ut. Illustrasjon: Nrk.no

Det er like før Volda får sin eigen skistadion og kan oppfostre ein ny generasjon skiskyttarar. – Vi reknar med å dobble antal skiskyttarar, seier Rune Totland.

I løpet av denne veka vil Volda Skiskyting få dei nødvendige løyvene frå kommunen til å starte bygginga av ein ny skiskyttarstadion på Reset i Volda. Det som gjenstår før bygging er å få tak i nok ressursar til å finansiere prosjektet.

3,5 millionar
Prosjektleder og leder i Volda skiskyting, Rune Totland, seier at budsjettet ligg på rundt 3,5 millionar kroner. Dette vil dei fiansiere med å ta opp lån, og selge stadionreklame. Volda Skiskyting har i tillegg mottatt 200.000 kroner som sponsing frå Sparebank 1.

På spørsmål om kor mange nye rekruttar Volda Skiskyting kan kunne ta inn når anlegget står ferdig, svarar Totland at han reknar med å kunne dobble antal skiskyttarar i Volda. Fleire skiskyttarar vil også kunne føre til at det kan komme fleire studentar til Høgskulen i Volda.

Klart til neste sesong
Rune Totland seier at bygginga vil ta om lag 7 månadar, og at stadion vil stå klar til den nye sesongen. Framover vil Volda Skiskyting arrangere eigne arrangement i Volda – og kanskje på sikt også arrangere Vestlandsmeisterskapen i skiskyting.


Har du sett disse sakene?