Bagasjebrettfeminisme

Eg vil ikkje akkurat seie at eg er så veldig feministisk. Når nokon seier at det ikkje er bruk for feministar i Norge i dag, protesterer eg, men det er ofte halvhjarta og av vane. I mine 20 år har eg jo følt at eg som kvinne har hatt det ganske fint.

 

Men. Ein onsdag eg skulle kjøpe bagasjebrett til sykkelen min, hadde eg ei sjelesettande oppleving. Sykkelmannen beklaga at han ikkje hadde tid til å montere det for meg, men (hald dykk fast) spurde om eg hadde ein som kunne gjere det for meg heime.

 

Ein. (Pronomen som viser til hankjønn.)

 

Eg blei ståande i omtrent tre sekundar og sjå tomt på han, før eg raudna og stamma: at eg tru«Eg skal nok få ordna det på eit vis», sa eg. Men før han lèt meg gå, gav han meg ei grundig forklaring på korleis dei fire skruane skulle festast.

 

Mest av alt var eg nok forbløffa over at han faktisk syntest eg såg ut som ei som trong hjelp til å feste fire skruar på ein sykkel. Det er snakk om fire skruar. Det finst få ting i heile verda som er enklare enn å skru på eit bagasjebrett. Det er mange ting eg slit meir med, men som eg sjeldan blir spurt om eg treng hjelp til. Som å dosere riktig mengd vaskemiddel i vaskemaskina, eller å trekke på sengetøyet slik at alle hjørna i dyna matchar hjørna i sengetøyet. Det er vanskelege oppgåver.

 

På veg ut av butikken, med eit nytt bagasjebrett under armen, vart eg plutseleg pinleg klar over at eg gjekk med kjole. Eg hadde gått inn i ein sportsbutikk med kjole på! «Ingvild», sa eg til meg sjølv. «Med det antrekket lyser du av ignoranse til praktisk arbeid og aktivitet.» Kanskje er det slik at ein ikkje kan forvente å bli tatt seriøst når ein ikkje har forstått normale kleskodar i samfunnet.

 

Eg er altså ikkje særleg feministisk. Men medan eg skrudde på bagasjebrettet heime, som eg klarte heilt fint(!), tenkte eg over om ein gut ville fått det same spørsmålet. For eg trur faktisk det finst gutar i denne verda, som hadde klart oppgåva dårlegare enn meg. Om eg så skal seie det sjølv.

 

No tenker vi alle at tenker vi alle at sykkelmannen gjekk ut frå at eg som kvinne har eit dårlegare utgangspunkt for å klare ei praktisk oppgåve. Det ville vore eit grufullt bilete på samfunnet, og eg måtte ha vurdert å bli meir feministisk i tankegongen min. Det treng jo ikkje vere slik. Vi må òg sjå på den mogelegheita at sykkelmannen spør alle kundar om dei har nokon heime som kan hjelpe dei, og at han rett og slett er ei omtenksam og vennlegsinna sjel. Det er i alle fall det eg skal håpe på, når eg syklar rundt med mitt sjølvmonterte bagasjebrett.

 


Har du sett disse sakene?