Anmeldelse: Få patriotiske trønderar

Foto: Marius Dalseg

«Ingen fest uten skinnvest, det blir itj no fart uten bart» song Askil Holm, som ironisk nok mangla begge deler.

Fotograf: Marius Dalseg

Askil Holm heldt konsert saman med sitt elektriske band på Rokken torsdag kveld.
Vokalisten var energisk, overgongane glidande og rytmene fengande, om enn litt einsformige. Den halvlange, lyse luggen til Askil Holm flaut frå side til side over panna i takt med hovudet, som ikkje såg ut til å sitje fast på halsen. Under ein roleg del av «Festen e itj over» slapp Holm gitaren, heldt hendene ut frå sida med handflatene retta nedover, medan han song. Det såg ut som om han kjende på musikken.

Bandet var mindre lause i snippen. Dei verka stive og litt keisame. Men ørstingen på slagverk gjorde jobben med stil og mot slutten baud gitaristen på ein ikkje så aller verst gitarsolo.

Trass i Holm sine mange oppmodingar til publikum om å trekke framover, forblei folkemengda ved scena lita gjennom heile konserten. Forsøka på å få med seg tilhøyrarane førte til ei litt pinleg stemning, men ho gjekk over idet neste akkord på gitaren vart slått.

Allsongen tro til på trønderhyllesten «Ingen fest uten skinnvest», både i starten og som ekstranummer, og sjølvsagt under Askil Holm sin versjon av «Levva livet». Konserten var ein del av ein lengre turné for å promotere den nye plata «Ei ny tid», så ei låt av Åge Aleksandersen var ei positiv overrasking.

Trønderimaget slo derimot nokre sprekker då «Splitter Pine» av Dumdum Boys vart framført på overbevisande austlandsk. Og det var heilt i orden.

Luggen møtte etter kvart stor motstand frå sveitteperler på vegen over panna, men Askil Holm lukkast med å halde koken og stemninga oppe. Og han avslutta i tide.


Har du sett disse sakene?