Det venter store forandringar til neste års Dokfilm-festival. Nye sjangrar og fleire arrangement er noko av det som vil bli satsa på.

av Eirik Gard Endal

Den norske dokumentarfilmfestivalen, også kalla Dokfilm, har i mange år vore eit fast innslag på vårsemesteret. Festivalen vart starta av journalistikkstudentar på 1990-talet, og har sidan blitt drive på dugnad av studentar ved Høgskulen i Volda. Over nokre dagar i april samlar Dokfilm studentar, dokumentarinteresserte og andre som ynskjer å nyte stemninga på festivalområdet.

Satsar større
Oda Næs Skoglund og Håvard Bjørnerem er høvesvis leiar og grafisk ansvarleg i årets festivalstyre. Foreløpig er arbeidet i rute.
– Vi har rydda litt opp i korleis festivalen vert organisert og prøvd å tenke nytt. Vi har mange flinke folk med på laget, seier Skoglund.
– Ting byrjar å falle på plass allereie, og det er dødsdigg, føyer Bjørnerem til.

Dei seier at årets styre arbeider med å fornye festivalen, og at dei ynskjer å satse større enn tidlegare.
– Det er ikkje lett å vere ein dokumentarfestival, for vi blir veldig snevre på det vi driv med. Så vi har prøvd å sjå på andre former for dokumentarar og er godt i gang med å planlegge prosessen.
– Vi satsar og på andre typar arrangement, som seminar og masterclass, seier Skoglund engasjert.

Saken fortsetter under bildet.
Håvard Bjørnerem (f.v.) og Oda Næs Skoglund jobber med å fornye Dokfilm. Foto: Hanna Thevik

Bjørnerem stadfester at dei vil sjå på andre sjangrar mot neste års festival.
– Kvifor ikkje slenge inn fotodokumentar, podcast og radiodokumentar, dokumentarformer som ikkje får like mykje merksemd som film?
– Til dømes har true crime-sjangeren blitt stor på alle moglege plattformer. Det er ei bølgje av nye medium som vi vil henge med på, seier Skoglund.
Ho seier og at dei vil knyte studentane enda tettare opp mot festivalen. Dei har mellom anna avtalt med lærarar at undervisning og arbeidskrav skal bli relatert til festivalen.

– Dokfilm er viktig
Steinar Høydal er høgskulelektor og underviser på journalistikkstudiet. Han seier at festivalen er viktig for bygda.
– Det er Noreg sin største nasjonale dokumentarfilmfestival, der studentar som har laga filmar kan få vist desse. I tillegg er det ein stad kor samfunnsengasjerte studentar, lokalbefolkninga og dokumentarfilmbransjen kan få sett mykje dokumentarar.
Høydal ser positivt på at årets festivalstyre tenkjer nytt.
– At det nye styret tenkjer kreativt og nytt er superbra. Det trengs fagleg fornying, fleire seminar og meir nytenking når det gjeld formatet. Det blir spanande å sjå korleis dei vil utvikle det.

Best når det går gale
Skoglund er med å arrangere Dokfilm for fjerde året på rad, og seier det er mykje kjekt med det.
– Veit du kva, når eg ser tilbake på det kjekkaste, så er det sjølve festivaldagane. Det å rigge opp til festival, vere på området og prate med folk. Og så synest eg det er dritgøy når noko går gale! Når det er noko ein må fikse. Eg synest det er så strålande, det stresset! Slike ting skjer jo, og man klarer alltid å ordne opp i ting. Det beste med Dokfilm er at ein føler det er verdt det!

Skoglund og Bjørnerem håpar at dei besøkande vil trivest på festivalen.
– Det skal vere gøy for tidlegare studentar som kjem tilbake, seier Skoglund.
– Og ikkje minst skal dei noverande studentane trivest. Det skal vere morosamt, interessant og givande, legg Bjørnerem til.